[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Vårsesongen fra A til Å

Forfatter: Fjøra FK

28. juni 2015

Fotball
News article image

Fjørabloggen oppsummerer vårsesongen

Fjørabloggen oppsummerar vårsesongen frå A til Å.

A - Arild Underdal, ringreven er no to scoringar frå å vere mestscorande Fjøra-spelar gjennom tidene! Enn så lenge greier hovudet å vinne over streikande bein, trass i at rekordjakta kan ende i amputasjon på slutten av sesongen.

B - Ballinnehav, Fjøra har endå til gode å ha gjennomført ei trening utan ein eller fleire øvelsar der ballinnehav er målet.
 

C - Celsius, den temperaturmessig dårlege sommaren må ta skulda for at Hjeltnes hittil "berre" har scora 8 mål, Til slutt reiste han til Bulgaria for å få frosten ut av kroppen.

D - Daniel Fylling, deltok på 6 treningar før han gjorde comeback i slutten av første omgang mot Vik, for ein skada Underdal. I løpet av andre omgang både putta han og tok kapteinsbindet. Beskjeden har han aldri vore.

E - Erik og Erik, no går det ann å sjå ulikskap mellom dei. Erik jobbar med å anlegge afro, medan Erik (han andre) har ei strengare mor og difor framleis same sveisen som på konfirmasjonsbiletet.

F - Førde 2, det einaste laget som har greidd å slå Fjøra denne vårsesongen. Ikkje noko morosamt i det.
 

G - Gøran Wigum, vårsesongens raotass med 1 raudt og 3 gule. Følgjer altså i fotspora til andre kapteinar som Keane, Vieira og Gerrard.

H - Håvard Lilletvedt, har faktisk ikkje scora på hovudet endå denne sesongen. Har fått eigentreningsprogram i sommar som består av 1 t

trampolinehopping dagleg.
 

I - Intellekt, 6 Fjøraspelarar har bestått bacheloroppgåva denne våren. Dette syner at det er fullt mogeleg å kombinere toppfotball med fulltidsstudiar. Fjørabloggen gratulerar!


J - "Ja, men...", er det oftast nytta uttrykket når ein strandsitjar får kritiske tilbakemeldingar. På ein god andreplass kjem "Kjeften pao deg!".


K - "Kjeften pao deg", sjå over.

L - Labyrint, kjeglene som storbonden set ut til øvingar på treninga. Ein strandsitjar som må stoppe opp for å tenke vert raskt forvirra og frustrert.

M - Målteft, Ole Morten Kvam starta sesongen med 2 mål på dei to første kampane av sesongen, då sette han seg mål om å score 22 mål totalt innan sesongslutt. Etter det vart det stilt.

N - Null baklengs, Andreas Horvei spelte 5 strake kampar utan å sleppe inn mål, slapp inn 5 mål i siste kampen før ferien, det øydela statistikken noko.

O - Ole Martin Bolseth, har tydelegvis gjort "ei pakt med djevelen". Har aldri gått skadefri over ein så lang periode sidan han var 12 år gamal. Har nok ofra fleire av faren sine sauer gjennom blodige ritual heime i Jølster.

P - Panserstoppar, Sogn Avis sin omtale av Per Erik Lunde etter Vik-kampen.

Q - Quiz, aldri ein Fjøra-fest utan Håvard Lilletvedt sin legendariske fotballquiz.

R - Rutine, den samla alderen til kvartetten Ole Morten Kvam, Arild Underdal, Torbjørn Ylvisåker og Tommy Øren er 140 år. Spelartroppen (med speletid) har ein snittalder på 22,54 år, utan desse 4 er snittalderen på 18,74 år.

S - Sindre Rørvik, har scora 5 mål i vårsesongen, alle mot Tornado Måløy og Førde2. Ein mann for dei store anledningar her altså.

T - Torbjørn Ylvisåker, har føre kvar sesong tre år på rad sagt at det var den siste sesongen. Still going strong og har hittil i år spelt 73 % av kampane (8 kampar) frå start. Trongen for ei godkjent unnskyldning for å komme seg ut av huset vart vel mykje meir aktuelt etter at dama flytta inn.

U - Underhaldning, Fjøra har scora i alle kampane hittil i år, med unntak av det mållause oppgjeret mot Skavøypollen.

V - Vanedyr, Knut Ola Høvik greidde aldri å innordne seg til at oppdateringar og beskjedar vart flytta frå Fjøra si interne Facebook-side til treningsdagbok.org, før denne sesongen. Han fekk difor aldri med seg beskjedar dersom treningstidspunkt vart endra, beskjed om spelarmøter eller om vi trena ute eller i hallen.

W - Walk over, Florø 3 har så stor respekt for årets Fjøra-utgåve at dei ikkje fann det sportsleg forsvarleg å møte til kamp. Dermed 3-0 til Fjøra og ekstratrening for strandsitjarane istaden.

X - Xenogami, pollinering av ein blome med pollen frå ein anna blome av same art (noko måtte eg jo skrive her, så lærte du noko nyttig i dag også. Livet er meir enn fotball).

Y - Ytterkanten, vi må ikkje gløyme alle som jobbar dugnad i kulissane for at storbonde og strandsitjarar skal ha best mogeleg tilhøve for trening og kamp, sesongen igjennom.

Z - Zombie, Mats Nondal på trening etter å ha jobba 12-timars dagar. Han beveger på seg, men elles er det vanskeleg å oppnå kontakt og kommunikasjon.

Æ - Ærleg, tittelen tilfaller Knut Øystein Ripe som etter Skavøypoll-kampen sa rett ut at han som "laget sin minst kreative spelar" kanskje ikkje burde spelt midtbane mot eit lag som hadde parkert bussen.

Ø - Ø, 6 av 12 lag i årets 4. divisjon nyttar Ø i klubbnamnet, det må vel vere ein slags verdsrekord?

Å -  Årets Hylsetetur i starten av august, markerer starten på haustsesongen og er truleg det største sosiale høgdepunktet for strandsitjarane kvart år. Drikkevarer etter eige ønskje, klubben serverer grilltallerken og Eilert plukkar gjerne med seg krekling-bær til dessert, og forrett.