[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra FK - Dale 7-0

Forfatter: Fjøra FK

25. september 2015

Fotball
News article image

Duoen Flo/Kristoffersen nok ein gang sentrale i Fjøra sin nedsabling av Dale

Sjølv om opprykket er sikra har Fjøra tenkt å fortsetta sigersrekka utover hausten og på Campus i kveld var Dale sjanselause mot eit svært opplagt Fjøralag. Fjøra leia 3-0 til pause der alle måla vart scora av Mathias Flo. Dale var knapt over midten og Fjøra spelte tolmodig og var flinke til å vende spel og komma i overtal på kant.

Fokus i pausen var å ikkje dette nedpå og holde oppe det gode spelet og det klarte vi veldig bra. Like etter pause scora Møvik sitt første Fjøramål på eit vakkert langskot før Gøran Wigum ti minutt seinare heada ein corner frå Kristoffersen i nettet. Minuttet seinare spelte Fjøra seg fint gjennom på høgresida før Steffen Olsen til slutt enkelt kunne sette inn 6-0. Etter dette trilla Fjøra mykje ball og kontrollerte før Mathias Flo avslutta scoringsballet fem minutt før slutt etter flott innlegg frå Kristoffersen.

Fjøra har vist fin progresjon i spelet sitt i haust og trenar Håvard Hatle er svært fornøgd med innstillingen til spelarane og viljen til å jobba hardt for å bli betre. Mens me stanga litt mot ein forsvarsmur i fleire kampar i vår har me no mykje større tempo og variasjon i spelet vårt og er derfor mykje vanskelegare å spela mot. Neste kamp er ein tøff bortekamp mot Skavøypoll, som etter ein svak vårsesong har gått frå seier til seier no i haust.

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Fredag 25.09 kl 19:00

Arena: Campus

Turnering: Seriekamp

Dommar: Erlend Lereim

Fjøra – Dale 7-0 (3-0)

1-0      2 min Mathias Flo (Erik Loftesnes)

2-0    12 min Mathias Flo (Ole Martin Bolset)

3-0    36 min Mathias Flo (Eirik Kristoffersen)

4-0    46 min Kristoffer Møvik

5-0    55 min Gøran Wigum (Eirik Kristoffersen)

6-0    56 min Steffen Olsen (Kristoffer Møvik)

7-0    85 min Mathias Flo (Eirik Krisoffersen)

Gult kort:  Ingen

Fjøra (4-2-3-1):

Håvar Mjelleli

--------------------

Ole Martin Bolset

Elias Saltnes (Ole Marius Solberg frå 61.)

Ole Morten Kvam (Knut Øystein Ripe fra 61.)

Eirik Kristoffersen

--------------------

Kristoffer Møvik (Kees Erstad frå 61.)

Gøran Wigum

--------------------

Erik Loftesnes (Erik Fossnes fra 61.)

Steffen Olsen (Stian Solberg fra 61.)

Trond Vegard Ripe (Mats Nondal fra 46.)

--------------------

Mathias Flo