Fjøra - Vik 1-0
Forfatter: Fjøra FK
11. april 2014
Knepen men fortjent seier til Fjøra i serieåpninga etter mål av Håvard Lilletvedt
Fjøra vann fortjent 1-0 mot Vik i serieåpninga på Campus Fosshaugane i dag etter mål av Håvard Lilletvedt. Målet kom etter 16 minutt etter flott forarbeid av Mathias Nese på vår venstreside. Olve hoppa over innlegget frå Mathias og Håvard sette ballen fint i lengste hjørnet for Stig Roar Hovland i Vikmålet. Resten av førsteomgangen var ein tam forestilling av begge lag, og spesielt Vik la ikkje opp til noko finspel. Også Fjøra slo for mykje langt og det var langt mellom dei store sjansane.
I andre omgang åpna Fjøra veldig bra og første kvarteret her var den klart beste perioden i kampen. Kenneth Nondal hadde åleine tre sjansar til å auke leiinga men ein god Stig Roar Hovland samt treverket stod i vegen. Etter dette datt tempoet igjen og det var ikkje mykje til underholdning for dei frammøtte. Heilt på tampen hadde Vik to farlege cornerar der Per Eirik med ei lang tå redda den eine på streken. Dei fleste såg nok den i mål og Vikspelarane var nesten i gang med jublinga.
Ingen spesielt god kamp men fullt fortjent seier til Fjøra og viktig å vera i gang og få med seg tre poeng i serieåpninga. Sjølv om ikkje alt fungerte like godt var innsatsen upåklageleg og alle stod på i samtlege nitti minutt. Neste kamp er borte mot seriefavoritt Florø 2 etter påske og ein må nok opp nokre hakk for å få med seg poeng der.
Bonus:
3 – Knut Ola Høvik
2 – Per Eirik Lunde (fortjente nesten tre etter strekredninga på slutten)
1 – Mathias N Nese
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 11.04 kl 18:00
Arena: Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Inge Seglem
Fjøra - Vik 1-0 (1-0)
1-0 16 min Håvard Lilletvedt (Mathias N Nese)
Gult kort: Ingen på Fjøra
Fjøra (4-3-3):
Espen Staff- Sindre Sanden, Knut Ripe, Per Eirik Lunde, Mathias Nese (Ole Martin Bolset fra 79.)- Håvard Lilletvedt, Knut Ola Høvik, Olve Øvstetun- Anders Hjeltnes, Steffen Olsen, Kenneth Nondal (Arild Underdal fra 68.)