Florø 2 - Fjøra 5-2
Forfatter: Fjøra FK
15. september 2013
Ein god Stefan Aase utgjorde forskjellen på laga i dag og dermed fordel Eid og Florø 2 i opprykkskampen
Fjøra åpna kampen bra og var agggressive i presset og flinke i beinflytten. Etter ti minutt er Olve og Fredrik vakne og tek eit kort frispark på vår høgre side. Olve svingar etter kvart ballen inn framfor mål der Arild Underdal har sprunge seg fri og lett kan setja ballen i mål. Knallåpning av Fjøra, men berre to minutt etterpå får Stefan Aase godt treff frå 17-18 meter og laga er like langt. Nye fire minutt seinare taper Ylvisåker ein hovudduell med Erlend Hove på corner og Florø 2 har snudd kampen. Etter dette slit Fjøra ein del i den sterke motvinden og vert pressa bakover på bana. Men når ca halvtimen er spelt finn Fredrik Tangen Underdal på bakerste med eit presist innlegg. Arild headar ballen kontrollert i det hjørnet keeper kom frå og utlikning for Fjøra som no var meir med i kampen igjen.
Like før pause er det litt ubalanse i Fjøraforsvaret og Florø kjem på ei kontring som til slutt sender Stefan Aase åleine gjennom. Han rundar Bøyum og set lett inn 3-2 leiing til Florø til pause. Ein ok omgang av Fjøra, men litt enkle mål i mot.
I andre omgang går me ut med høgt press i håp om å snu kampen og få med oss alle poenga. Dessverre får me ein i trynet alt etter eitt minutt, noko som gjer resten av kampen vanskeleg. Me prøver etter kvart å legga om til tre bak, men då får me like før slutt eit femte mål i mot i staden for at me puttar sjølv.
Alt i alt fortjent seier til Florø 2, som i dag var hakket raskare og vassare enn oss. Stefan Aase utgjorde den store forskjellen på laga med sine tre mål og viste at han høyrer heime på eit høgare nivå. Fjøra var ikkje solide nok defensivt til å demme opp for overgangane til løpsvillige florøværingar. Med dette resultatet er det Eid og Florø 2 som er i førarsete når det gjeld opprykk og Fjøra er heilt avhengig av seier i neste kamp mot Eid for å henga med heilt inn.
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 15.09.13 kl 15.30
Arena: Florø kunstgras
Turnering: Seriekamp
Dommar: Ståle Sandal
Tilskodarar: 30
Florø 2 - Fjøra 5-2 (3-2)
0-1 10 min Arild Underdal (Olve Øvstetun)
1-1 12 min Stefan Aase
2-1 16 min Erlend Hove
2-2 33 min Arild Underdal (Fredrik Tangen)
3-2 44 min Stefan Aase
4-2 46 min Stefan Aase
5-2 88 min Kristoffer Sigdestad
Gult kort: Ingen på Fjøra
Florø 2 (4-3-3):
Husevåg – Strømsnes, E.Hove, Knapstad, M.Orheim- K.Orheim, Omerovic, Halvorsen- Selaas, S.Aase, Sigdestad
Fjøra (4-2-3-1):
Håvard Bøyum- Fredrik Tangen (Stian Solberg fra 70.), Vegard Fardal Nes (Roger Hjellhaug fra 56.), Torbjørn Ylvisåker, Per Eirik Lunde – Olve Øvstetun, Ole Morten Kvam (Eilert Brox Holme fra 82.) - Anders Hjeltnes, Knut Ola Høvik, Håvard Lilletvedt – Arild Underdal