Fortent Fjørasiger i slitekamp
Forfatter: Jan Fuglesteg
09. mars 2012
Fjøra fekk det ikkje heilt til å stemma i kveldens kamp mot Lærdal. Likevel greidde Fjøra å snu kampen til sin fordel og det er ein viktig eigenskap når ikkje alt stemmer.
Dette var ei nyttig gjennomkøyring utandørs og på eit uvandt underlag.
Me har fått følgjande oppsummering frå trenar Kjell Ertesvåg:
" Vinterens nyttigaste treningskamp så langt. Kampen synte oss kva som vil vente oss i 4. divisjon denne sesongen. Ein motstandar med ein enorm innsats, høg moral og som spelar enkelt og direkte.
Det tok tid før me fekk tak på dette, fyrst og fremst fordi me ikkje var godt nok budde på dette i forkant. Første omgang er jamn, der me vert altfor passive i alt me gjer, samstundes er Lærdal veldig på.
Andre omgang er mykje betre frå vår side, presisjon og vilje er langt høgare, og me er betre til å flytte etter. Dermed får me eit bra trykk på Lærdal. I den beste perioden vår, skårar likevel Lærdal. Der har me for dårleg kommunikasjon og vert for passive i dei bakre rekkjer. Etter skåringa hadde me fokus på å halde fram som me hadde gjort før i omgangen, me skapte store sjansar, og etterkvart kom skåringane og.
Ein svært nyttig kamp, som stadfestar at innstilling, konsentrasjon og presisjon må vere på frå fyrste minutt i kvar einaste kamp!
Lærdal framstod som eit hardtarbeidande og godt lag med fleire speannande spelarar. Dette laget vil plukke mange poeng i årets sesong om dei har samme "gutsen" som mot oss i går. "
Me tek kort med kampbiletet frå kampen. Første omgang er ganske så sjansefattig og jamnspelt. Lærdal hadde ein farleg corner som me meinar enda med at ballen var innom stolpen. Fjøra hadde to fine sjansar mot slutten av omgangen, men begge avslutningane gjekk til side for mål. Eigentleg greit at det stod 0-0 ved pause.
Etter pause heva Fjøra seg frå første stund og det tok ikkje meir enn vel eitt minutt før Fjøra fekk sin første sjanse i omgangen. Ein av fleire skulle det vise seg. Eit innlegg vart nikka rett på Lærdal sin keeper. Fem-seks minuttar seinare var Kenneth Nondal igjennom og fekk avslutta, men Lærdal sin keeper redda flott. Like etter måtte heimelaget sin keeper ut i ny aksjon då han redda ei kanonkule frå Marius M. Aaberge som klinka til frå hjørna av 16-meteren.
Ingen tvil om at det var Fjøra som pressa heimelaget over på defensiven. Fjøra styrte kampen, og me har både sett og høyrt det før. Det andre laget scorar. Passivitet og dårleg kommunikasjon i midtforsvaret førte til gjennomløp og lobb over Håvard K. Bøyum i Fjøramålet. Mot spelets gang tok Lærdal leiinga.
Fjøra lot seg ikkje påvirke spesielt mykje og omlag 5 minuttar seinare utlikna dei mankoen i målprotokollen. Fjøra hadde ein kjempesjanse som vart avklara til corner. Den corneren sette Ola Egge Ødegaard i mål på eit flott volleyskot frå bakerste stolpe. Fortent utlikning.
Fjøra stod på og produserte sjansar. Etter knappe 80 minuttar small det to gonger i aluminiumen, i krysset der stonga treff tverren for å vera meir presis. Nokre minuttar seinare var det Noah Kellerhals sin tur. Han fekk ein dobbelsjanse. Den første vart blokkert, den andre gjekk utanfor. Det låg med andre ord ei Fjørascoring i lufta.
Med så datt nivået litt og det såg ut som at kampen skulle ebbe ut med 1-1. Men Fjøra ville vinne. Dei fekk innkast oppe på Lærdal sin banehalvdel og ved dette innkastet stod Lærdal litt med huva i handa. Iallefall så fekk Kenneth Nondal ballen og la den ut på 16-meteren til Lærdal der det stod fleire Fjøraspelarar klar til å avslutte. Ørjan Hjellhaug tok ansvar og knalla ballen kontant i mål.
Meir skjedde ikkje og Fjøra kunne gå av bana som sigerherrar. Fortent etter vår meining.
Sluttord
Viktig kamptrening ute på eit underlag som gjorde at presisjonen må vere på topp dersom det skal bli godt spel og målsjansar ut av det. Også viktig å ha mentalitet til å snu kampar når ein først kjem bakpå. Ein kan lett bli vippa av pinnen dersom ein ikkje har fokus på arbeidsoppgåvene sjølv om ein kjem bakpå. Den einaste måten å bli betre på er å øve på det og det fekk Fjøra høvet til å gjera mot Lærdal. Det skal vera vinnarmentalitet i eit fotballag og ein lyt pleie denne så ofte som mogeleg.
Det er også godt å sjå at Fjøra står kampane godt om dagen og har ekstra krefter å koma med når det byrjar å bli tungt utover i 2. omgang.
Sjølv om det ikkje fungerte spesielt godt i 1. omgang så heva Fjøra seg i den andre og vann kampen tilslutt heilt fortent mot eit hatdt kjempande heimelag.
For Fjøra sin del så er det også ein del ting å ta tak i, men dette er greie ting som trenarteamet veit om og kjem til å ta tak i framover.
Neste kamp for Fjøra er alt komande måndag då Fjøra tek turen til Øvre Årdal for å møte Årdal FK.
KAMPFAKTA
Lærdal IL - Fjøra FK 1-2 (0-0)
Mål:
1-0, Ole Johannes Thue Jerving, 66 min
1-1, Ola Egge Ødegaard, 71 min
1-2, Ørjan Hjellhaug, 88 min
Domar:
Magne Eri, Lærdal IL
Tilskodarar:
Ca 25 stk
Lærdal (4-4-2): Per Einvald Aspevik - Per Jansen, Anders Hille Stadheim, Jan Andre Cirotzki Voll (Stian Vatlestad? frå 64. min), Sjur David Rio (Halfdan N. Johnsen frå 58. min) - Simen Øren Skjerping (ut 90 inn ?), Andreas Natvik (Kim Robert Bjørkum frå 52. min), Thomas Lunde, Brede Tokvam - Ole Johnny Citotzki Voll og Peder Lem (Ole Johannes Thue Jerving frå 45. min)
Fjøra (4-2-3-1): Håvard Kristiansen Bøyum - Jørn Kvalvik, Torbjørn Ylvisåker, Vegard Fardal Nes, Roger Hjellhaug (Ørjan Hjellhaug frå 57. min) - Daniel Fylling, Ola Egge Ødegaard - Kenneth Nondal, Anders Hella (Sebastian T. Eriksen frå 32. min), Marius M. Aaberge - Noah Kellerhals