[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Prematch: Sandane T&IL - Fjøra FK

Forfatter: Jan Fuglesteg

11. mai 2012

Fotball
News article image

Det er klart for fjerde serierunde i 4. divisjon i kveld og som vanleg er det mange interessante oppgjer. Fjøra skal ut i ein vanskeleg bortekamp i Nordfjord, mot Sandane på Idrettsplassen. Me har ein kort prematch klar.

Fjøra står med full pott så langt i sesongen og har plassert seg i toppen av tabellen kun bak Sogndal II på målskilnaden. Fjøra har levert bra varer så langt i sesongen. Dei har vore tette bakover og produsert mykje framover. Likevel, Fjøra har endå meir å gå på og me håpar at det skal vera progresjon i prestasjonane frå kamp til kamp framover.

For Fjøra som alle andre lag så må jobben gjerast ute på bana om ein skal få med seg poeng i årets 4. divisjon. Og jobben den startar ikkje når domaren blæs i gang kampen. Den startar lenge før. Så langt i sesongen har Fjøra vore gode i førebuingane sine og det reknar me med at dei vil vera i fortsetjinga.

Me har fått følgjande kommentar frå trenar Kjell Ertesvåg framføre kampen mot Sandane T&IL.

" Ny kamp, og nye mulegheiter. Sandane er eit av dei beste laga i divisjonen, så dette vert ein ny tøff kamp. Me møter nok eit lag som ynskjer å spele sitt eige spel i større grad enn det me har møtt så langt. Dermed reknar me med ein open kamp, der det vil vere sjansar begge vegar.

Me går til verks med friskt pågangsmot, og med ein tryggleik på korleis me ynskjer å spele og opptre. Denne kampen skal gå på gras, noko me er førebudde på . Siste veka har me trent på gode tilhøve på AG (Annstein Ground). Treningane har synt at fleire av spelarane er på veg mot godformen, og dette er noko me vonar ein kan ta med seg inn i kampen.

Me er klar for kamp, og gledar oss til å innta Idrettsplassen på Sandane.
"

På skadefronten er Arild Underdal og Jørn Skjeldstad framleis ute med skade. Torbjørn Ylvisåker er noko usikker. Elles alle mann alle.

Motstandar i kveld er Sandane Turn & Idrettslag. Dette er eit lag Fjøra kjenner godt til og har hatt mange fine og ikkje minst tøffe oppgjer mot over mange år. Me hyver oss over statistikken med ein gong. Fjøra har spelt 20 seriekampar mot STIL på deira heimebane og det er STIL som har statistikken på si side. Halvparten av kampane har enda med siger til heimelaget, Fjøra har vunne 7 medan dei siste 3 har enda med poengdeling. På STIL si heimebane har Fjøra putta i snitt 1,9 mål, 38 totalt. Heimelaget har netta 36 gonger på dei 20 kampane. Sist gong Fjøra vitja Idrettsplassen så vart det eit bittert 4-3 tap etter at Fjøra hadde hatt fullstendig kontroll på heimelaget og leia 3-1, burde ha auka til 4-1 også. Men STIL snudde kampen og vann 4-3. Siste gongen Fjøra reiste frå Idrettsplassen med full pott var i 2006, då Fjøra vann 3-0. Alle tidlegare oppgjer finn du her.

Når det gjeld stoda i STIL så viser me til deira heimeside der du nok vil finna mykje godt stoff om denne kampen.

Kampen vert spelt på erverdige Idrettsplassen stadion og det betyr årets første kamp på naturleg gras for Fjøra. Men som trenar Ertesvåg nemner i sin kommentar - Fjøra har førebudd seg på dette. STIL har eit godt lag og dei har ambisjonar om å vere med oppe i toppen. Det har Fjøra også og me kan ikkje skjøna noko anna enn at det er eit godt bakteppe for denne kampen.

Me kjem ikkje til å overføra denne kampen live på fjora.no. Men me henviser til følgjande live-tenester i prioritert rekkjefølgje:

STIL-live
Firda-live


TIPS SERIERUNDE 4

IL Høyang - Dale IL
(Fredag 11. mai kl 19:00)
Høyang møtte som venta svært tøff motstand då dei på måndagskvelden møtte Sogndal II i Sogndal. Det vart til slutt eit 9-1 tap. No er det vel ikkje i slike kampar at Høyang skal basera poengfangsten sin sjølv om dei, som alle andre, ynskjer at prestasjonane skal vera best mogleg uansett motstand. Høyang har no tapt to kampar på rad og er nok interesserte i å snu trenden raskast mogleg. Dale fekk sitt første poeng førre runde då det vart poengdeling mot KIL heime på Dingemoen. Dale må unnvere Eirik Systaddal som fekk raudt kort i kampen mot KIL. Dette er eit prestisjeoppgjer som ingen vil tapa. Høyang slo forøvrig Dale i ein treningskamp i år. Dette trur me vert så jamnst som det skal vera når desse to laga møtest. Me gamblar på poengdeling.
TIPS: U

Kaupanger IL - Balestrand IL
(fredag 11. mai 19:00)
Heimelaget står med 2 poeng sålangt, men det kunne fort ha vore 6 om dei hadde hatt både tur og litt betre offensive ferdigheiter sjølve. Eller det kunne ha vore 0 om dei hadde vore rettleg uheldige. Uansett, KIL bør ha ein trepoengar så fort som mogeleg. Heime på Skogen er det alltid vanskeleg å møta KIL og dei vil vera naturlege favorittar mot dei fleste av laga i 4. divisjon. Balestrand har fått ein fin start på sesongen. Dei tapte rett nok mot STIL i førre kamp, men med litt meir "rutine" så kunne dei nok ha styrt i land poeng i den kampen. Balestrand har teke nivået flott og det har dei gjort med hardt og ærleg arbeid. Samt ein utruleg entusiasme. Greier dei å halde dette oppe sesongen i gjennom så vert dette bra greier. BIL har kun spelt heime sålangt i sesongen og me er litt usikre på korleis dei framstår på framandt gras. Me spår ein jamn kamp. Det er KIL som har presset på seg her og me trur dei taklar det.
TIPS: H

Veitastrond IL - Jølster IL
(fredag 11. mai kl 19:00)
Første heimekamp for året på Leikvoll. "Fort Leikvoll" er ein frykta arena og med rette. Mange folk, stor stemning og ofte med eit heimelag som gir alt. Herleg ramme rundt kampane har dei inne på Strondi. VIL sine heimesider melder at laget må unnvere Emil Heggestad samt at Svererin Rokne og Runar Hatlevoll er på reise. Viktige Frode Kvam er attende i laget. Jølster hadde fortent alle poenga mot Lærdal i førre runde, men sløsa vekk sjansane og med det 2 poeng. Det må Jølster gjera noko med. Jølster får truleg attende nokre spelarar til denne kampen. Vanskeleg å spå utfallet av denne kampen. Me trur det vert jamnt på den vesle bana inne på Strondi og at laga deler poenga seg imellom.
TIPS: U

Skavøypoll IL - Lærdal IL
(laurdag 12. mai kl 14:00)
Kjempeflott start på Polljen og som forventa før seriestart så har dei plassert seg i toppen. Der kjem dei til å bli i tida framover også. Solide heime, men dei har også full pott på bortebane. Polljen har ein fin blanding av unge talent og eldre rutine og det ser ut som at dei har truffe blink her. Lærdal fekk sitt første poeng då dei greidde uavgjort heime mot Jølster i førre runde. Noko heldig, men poeng er poeng. Skavøypoll er store favorittar i denne kampen og me baserer det på korleis sesongen har vore sålangt.
TIPS: H

Førde II - Sogndal II
(måndag 14. mai kl 19:00)
Førde II har vaiert resultatmessig (og prestasjonsmessig) noko som ikkje er heilt uvanleg med eit ungt mannskap. Mot Skavøypoll sist runde vart det 3-1 på bortebane i eit ufyseleg ver. No ventar ei endå tøffare oppgåve når Sogndal sine nest beste kjem på besøk til byen. Sogndal II har opna sesongen som forventa - med full pott og dei tronar øvst på tabellen. Feia Høyang av bana på måndagskvelden og var nær to-siffra resultat. Det vart 9-1 etter at dei leia 7-0 ved pause. Hadde då mange A-spelarar i statoppstillinga. Har truleg ikkje så mange i denne kampen, men det bør vera meir enn godt nok til å ta alle tre poenga.
TIPS: B