[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

SIL2/3 - Fjøra 3-2

Forfatter: Fjøra FK

01. mars 2014

Fotball
News article image

Årets første tap for Fjøra

Det vart eit knepent 2-3 tap for Fjøra i dagens kamp mot SIL 2/3 forsterka med Joar Tryti og Hannu Patronen frå Sogndal sin førstelagsstall. Fjøra brukte dei første fem-ti minuttane på å koma i gang men leverte elles ein ganske god førsteomgang mot god motstand. Aggressivt press gjorde at me fleire gonger vann att ballen høgt i bana og bakover var det ikkje ofte at sogndølene slapp til dei store sjansane sjølv om dei hadde ballen ein del. 0-1 kom då Knut Ripe slo eit litt for kort tilbakespel til dagens innlånte keeper, Håvar Mjelleli. Simen Stølen oppfatta situasjonen, runda keeper og Sogndal opp i leiinga. Fjøra la seg ikkje nedpå og klarte å skape noko farlegheiter, og spesielt Anders Hjeltnes var veldig god og skapande frå sin høgrekant.

Midt i omgangen produserte me iallfall tre store sjansar me kunne scora på. Først heada Hjeltnes i tverrliggaren etter eit godt innlegg frå venstre, og litt seinare plasserte Per Eirik Lunde ballen like over etter litt klabb og babb i Sogndalfeltet etter ein corner. Så var det Hjeltnes som slo eit godt innlegg mot Victor Aguiar, der Aguiar kom ørlite for seint til å få god nok klem på avslutninga.

Sogndal hadde også nokre farlege innlegg men Fjøra forsvarte seg godt heilt til det førtiande minutt. Ein Sogndalspelar kjem seg fri på vår venstreside og får gå relativt upressa inn mot vår sekstenmeter før han avsluttar heilt nede i lengste hjørnet. Ballen var nok i hjulet inne i mål, men dagens elles så gode dommar Vidar Hilmen meinte at ballen var i stolpen før Knut Ripe fekk avklart til corner. Mål var det nok men ingen big deal sidan SIL2/3 fekk nettsus på den påfølgande corneren ved Fredrik Flo.

Dermed to mål under til pause for Fjøra i ein relativt jamn omgang etter vår meining. I andre omgang tok Fjøra meir og meir over men det var litt langt mellom dei store sjansane. Kun fire minutt ut i omgang må Fjøraforsvaret lage frispark like utfor eigen boks og den klinkar Eirik Kristoffersen over muren og kontant i nærmaste hjørnet utan sjanse for Mjelleli. Liten tvil om at Eirik har same slegga som storesøster Malin!

Etter om lag timen får Fjøra straffe då Kenneth Nondal vert hekta inne i feltet. Rutlin i Sogndalburet hiver seg til rett hjørnet men straffen frå dagens bestemann, Anders Hjeltnes, er godt plassert og redusering for Fjøra. Kun seks minutt seinare slår Knut Ola ein hard og presis corner på pannebrasken til Knut Ripe og ny redusering. Fleire mål vart det ikkje i kampen og kampen ebba dermed ut med 3-2 seier til sogndølene.

Relativt god kamp av Fjøra mot god motstand og det høge presset fungerer betre og betre. I periodar vert me sjølvsagt litt slitne, og då vert det litt strekk i laget og motstandaren får litt for store rom, spesielt i første omgang.

Bonus points:

3 – Anders Hjeltnes

2 - Knut Ola Høvik

1 – Per Eirik Lunde

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Laurdag 01.03 kl 13.00

Arena: Sognahallen

Turnering: Treningskamp

Dommar: Vidar Hilmen

SIL 2/3 - Fjøra 3-2 (2-0)

1-0   12 min Simen Stølen

2-0   40 min Fredrik Flo

3-0   49 min Eirik Kristoffersen

3-1   60 min Anders Hjeltnes str (Kenneth Nondal)

3-2   66 min Knut Ø Ripe (Knut O Høvik)

Gult kort: Endre Reinas SIL2

Fjøra (4-3-3):

Håvar Mjelleli- Mathias Navarro Nese, Per Eirik Lunde (Kees Erstad fra 75.), Knut Ripe, Sindre Sanden (Fredrik Tangen fra 46.) – Håvard Lilletvedt (Daniel Fylling fra 60.), Knut Ola Høvik, Olve Øvstetun (Torbjørn Ylvisåker fra 46.)– Anders Hjeltnes, Steffen Olsen (Karlis Bremers frå 70.), Victor Aguiar (Kenneth Nondal fra 46.)