[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fyllings hörna

Forfatter: Fjøra FK

25. mai 2013

Fotball
News article image

Spelarbørs Fjøra-Høyang

Børs Fjøra FK - Høyang (7-1), 24.05.2013   

Solbørs fra det som til slutt vart rein overkøyring!

XI:

Håvard Bøyum – 5/6

Har nesten ingenting og ta seg til, sett vekk ifra nokre skot som går midt på mål. Solar seg kampen igjennom, kosa seg!

Jørn «Hibbert» Kvalvik – 7

Så skjedde det altså. Guten fra Askøy skora sitt første offisielle mål i seniorfotballen og dei ca.35 oppmøtte storma bana. Jørn, som hadde potensial til å bli den nye Tony Hibbert, enda rekka på sikkert 100+ kampar uten mål. Forventa tosifra innen sommarferien no!

Olem Solberg – 6/7

Lei seg når Fylling reduserte i skoringsveddemålet noko som var deilig og sjå! Har ellers god kontroll på ein heller tafatt Frichsen & co bakover. Krydrar spelet med nokre hælklareringar.

P.E.L – 6

Telte 3 stupheadingklareringar (langt ord, puh..) på Per’en før han måtte ut med skade etter 35.min. Moro å sjå!

Kristian «Cruyff» Nornes – 6/7

Tek livet med ro på venstrebacken sin og passar på at han gjer akkurat nok i 1.omgang, men er veldig aktiv framover i 2.omg. og får betalt i form av sin første Fjøraskoring! Lettelsen var stor hjå unge Nornes som tok ein seiersrunde med seg sjølv etter å ha satt den viktige 7-0 skoringen.

Øystein Wilkensen – 8

Hadde det vorte ført statistikk fra kampen i dag tippar eg Wilko hadde stått med over 50 såkalla interceptions i dag! Sneik til seg ballen kampen igjennom og spelte den vidare med stort hell. Styrer kampen fullstendig i 2.omgang.

Knut Høvik – 7/8

Vil berre benytta anledningen til å beklaga til Knut for å ha kalt han ein sør-trønder ved forrige børs. Knut er sjølsagt nordmøring og eg beklagar på det sterkaste! Skorar 2 i dag, begge på straffe, men trengte to sjansar på straffe nr.1. Er bevegleg og god kampen igjennom, spesielt i 2 omgang.

Ola Ødegård –6/7

Starta kampen veldig vaklande, men spelte seg stort opp etter 30 min og utover. Toppa da heile med ein fremragande soloskoring på 3-0. Masse flaks og litt skills!

Kenneth Nondal – 6/7

Ekkel å spele mot i dag Kenneth. Faktisk så ekkel at han fekk ein av Høyangspelarane utvist! Uansett kjempeinnsats i dag, skaffar og den viktige straffa rett før pause. Manglar målet.

Håvard Lilletvedt – 5/6

Ein del bra initiativ i 1.omgang, bl.a fleire legg som burde blitt omsett til mål, men fell litt ut av kampen. Tenkte nok heilt sikkert på kva slags snapchatbilder han skulle ta etter kampen. Sendte eit fint bilde og eit ekkelt eit etter kamp. Folk får tyde det som dei vil…

Mats Nondal – 8 (Fjøra’s beste!)

Fortsett der han slapp mot Kaupanger og legg ned ein god innsats som spiss i 1.omgang, blir flytta ut som kant iløpet av kampen og er vel involvert i nesten samtlege 6 mål som vart skora etter pause! Manglar berre sitt eige navn i målprotokollen for å toppe det heile.

Innbyttarar:

Torbjørn «Messi» Ylvisåker (35. min.) – 6/7

Solid etter han kjem inn for P.E.L, men det er nok mest dragningane inne i Høyang sitt straffefeltet folk kjem til å snakke om etter kampen. Etter ein dårleg klarering tok Tobbe inn ballen og dribla seg mot målet til Høyang. Etter at eit par stykker var finta vekk, såg dei seg rett og slett nødt til å felle han. Kjem nok aldri til å skje liganande igjen!

Daniel Fylling (60 min .) – 7

Kom inn siste halvtimen og fekk med seg dei seks siste måla. Iflg Olem hadde han det mest irriterande og hoverande smilet i fylket etter skoringen sin, og tok dermed innpå Olem i veddemålet om flest mål. Gjer ein god jobb som oppspelspunkt når han kjem inn på topp, flink til å holde på ballen og fordele den vidare.

Magnus Hunemo (70.min) – 6

Coach Nilsen snakka før kampen om at Fjøra burde prøva fleire avslutningar fra distanse og dette hadde tydeleg gått inn på Magnus (det var truleg det einaste Magnus fekk med seg fra spelarmøte..). Fyrte av fra alt fra 45 meter og innover, med noko varierande resultat skal det dog seiast. Ellers gjer han ein god innsats sjølv om han blir flytta litt rundt i posisjonar.

Johan Salveson (79.min)  -  6

Kongen av Bali var endeleg tilbake etter eit 4 månaders utlån til FC Buleleng. Eit opphald prega av mykje sol og skadar. Synte ein urgammal balinesisk avslutningsteknikk då han med halvvegs baklengs salto tuppa inn 5-0, kun få minutt etter sin inntreden.

Pauseunderhaldning:

La det vera sagt, nivået på dagens heppeøkt varma like mykje som sola, men istaden for at eg skriv om alle involverte vil eg heller trekka fram 3 enkeltepisodar fra dagens økt:

1: Fnesn dreg plutsleg fram tofotsdragningar og finter fra ein anna verden, heilt uoppfordra! Diverre var det ingen motstandarar tilstades, men som Fnesn sjølv sa: «Detta hadde vore jevla bra i ein situasjon ute på banao!»

2: Ein litt for høg ball blir hæla ca. 15 meter bort til coach Nilsen, som svarar med å hæle ballen direkte tilbake til vill jubel fra publikum. Viser at han fortsatt kan!

3: Salveson slår eit innlegg fra høgre til evigunge Bjarte Hovland som luskar inne i feltet (einaste plassen det var skugge). Hovland dreg til på eit sideliggande saksespark og knallar ballen rett i nota! Stor idrett!