[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Sandane - Fjøra 4-3

Forfatter: Fjøra FK

16. august 2013

Fotball
News article image

Fjøra snubla i bortemøtet mot Sandane

Sandane trakk også denne gangen det lengste strået mot Fjøra og vann som i vårkampen med knappast mogleg margin. Kampen starta dårleg for Fjøra som tapte uvanleg mange duellar og andreballar. Det vart litt puslete og ein gjorde ting litt vanskeleg både for seg sjølv og andre. Ti minutt ut i kampen får me mål i mot på ein dødball der me rett og slett ikkje er tøffe nok, og berre åtte minutt seinare lobbar Ruben Wie ballen nydeleg i lengste hjørnet. Flott Sandane angrep som kom etter eit balltap av Fjøra på midten. Dermed 2-0 leiing til Sandane før det var spelt 20 minutt og me hadde dermed gjort det litt vanskeleg for oss sjølv. Sandane heilt klart best ut frå startblokka, men veldig skuffande frå vår side at me ikkje hadde skrudd brytaren skikkeleg på i denne perioden.

Siste halvdel av omgangen hevar me oss betrakteleg og pressar Sandane bakover. Me kjem til mange gode innlegg, men dessverre klarer me ikkje å fylle opp eller vera aggressive nok inne i boksen til at det resulterer i mål. Nærast var Jan Tore Slinde som banka ballen i tverrliggaren etter flott forarbeid av Anders Hjeltnes. Synd for Slinde og Fjøra som verkeleg hadde fortjent nettsus der.

Ei frå før våt og tung bane skulle bli endå tyngre og gjørmete då himmelen for alvor opna seg i pausen, og regnet hølja ned utover i omgangen. Som me avslutta den første opna me også bra etter kvilen og alt etter fem minutt får me utteljing, dog skal det seiast at målet var av den heldige sorten. Olem spelar Roger fri på venstrekanten og idet det kjem ein Sandanespelar skliande inn og skal takle, sender Roger ballen innover mot mål. Roger ligg oppgitt på bakken og fortvilar over å ikkje få frispark, medan ballen går i ein boge over keeper og i mål i lengste hjørnet. Skryt til dommar Almenning der som har betre oversikt over ballbana enn Hjellhaug og som dømmer mål og gult kort til Sandanespelaren for taklinga. Roger ruslar etter kvart også blid og fornøgd nedatt på backplassen sin.

Fjøra køyrer kampen no og jagar fleire mål medan Sandane har nokre farlege overgangar. Etter 60 minutt slår Olem ein avklaring oppover mot midten der me egentleg skal ha grei kontroll men midtbana vår er for høg og me får eit farleg brot i mot i staden. Apalset får gå og gå og ladar til slutt kanona frå om lag 20-25 meter. Bjarte må gi retur og der dukkar kven andre enn Ruben Wie opp og set inn 3-1 litt mot spelets gang. Fjøraspelarane vil ha offside på Wie idet skotet gjekk, men dommartrioen godkjenner målet.

I det 67. minutt set Fjøra inn debutant Fredrik Tangen og han markerer seg raskt frå sin offensive høgrebackposisjon. Han dreg av ein Sandane spelar, går innover i bana og sender avgårde eit skot i lengste hjørnet som keeper så vidt får slått til corner. Like etter kjem han seg på nytt fri og slår eit nydeleg innlegg til Johan Salveson på bakerste som enkelt set inn redusering til 3-2. Ny nerve i kampen og på nytt jaktar Fjøra utlikning. Me gamblar litt framover no og etterlet oss ein del store rom bakover som gjer Sandane farlege på kontringar. Kvarteret før slutt får Wie ballen i bakrom før han rundar Bjarte men kjem litt skrått på mål. Ylvisåker har komme seg ned på streken men Wie får lirka ballen inn mellom stolpen og stopparen til Fjøra. 4-2 og litt av piffen gjekk ut av Fjøra etter dette. Sandane hadde fleire nestensjansar som følgje av at Fjøra stod høgt, men Fjøraforsvaret og Bjarte rydda unna det som kom. På overtid vinn me ein duell med keeper før Underdal hamrar ballen i nettet, men det er for seint til at poenga vert med tilbake til Sogndal og kampen endar 4-3 til Sandane.

God underholdning på Idrettsparken i kveld med sju mål, men dessverre bikka det heller ikkje denne gangen Fjøra sin veg. Sandane har etter kvart fått eit godt tak på Fjøra og beheldt med denne sigeren tabelltoppen i divisjonen. Fjøra var nok det spelemessig beste laget, men i dei mest avgjerande situasjonane var det Sandane som var tøffast og dyktigast. Me takkar for kampen og sender våre tankar til trakkegjengen på Sandane, då bana fekk hard medfart utover i kampen.

Fjøra står no med kun ein seier, ein uavgjort og fire tap i dei seks kampane mot dei fem beste laga i divisjonen. Det har vore ein del marginar i mot og knepne tap men også litt udyktighet. Me heng fortsatt godt med i toppen og det vert viktig å vera skjerpa og sanke poeng framover uansett motstand. Her vil det bli jamt i toppen til siste slutt og der vil me gjerna vera også når sesongen nærmar seg slutten.

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Fredag 16.08.13 kl 19.00

Arena: Sandane Idrettspark

Turnering: Seriekamp

Dommar: Rolf Kåre Almenning

Tilskodarar: 60

        

Sandane - Fjøra 4-3 (2-0)

1-0      10 min Andre Norevik

2-0      18 min Ruben Wie

2-1      50 min Roger Hjellhaug (Ole Marius Solberg)

3-1      60 min Ruben Wie

3-2      69 min Johan Salveson (Fredrik Tangen)

4-2      76 min Ruben Wie

4-3      90 min Arild Underdal (Knut Ola Høvik)           

Gult kort: Olve Øvstetun

Sandane (4-3-3):

Simon Gimmestad – Preben Norevik, Ingar Sårheim, Håkon Schølberg, Sander Nesdal- Torgeir Apalset, Andreas Vereide, Jonas Denk – Andre Norevik, Ruben Wie, Romeo Juty Johnny

Fjøra (4-2-3-1):

Bjarte Hovland- Eilert Holme (Fredrik Tangen frå 67.), Ole Marius Solberg (Vegard Fardal Nes frå 70.), Torbjørn Ylvisåker, Roger Hjellhaug (Stian Solberg frå 75.) – Olve Øvstetun, Øystein Wilkensen, - Anders Hjeltnes, Knut Ola Høvik, Johan Salveson – Jan Tore Slinde (Arild Underdal i 75.)