- Her skal det angripast
Forfatter: Jan Fuglesteg
24. september 2012
I ettermiddag spelar Fjøra bygdederby mot Sogndal II. Ein del prestisje ligg alltid i botn når desse laga møtest og slik skal det sjølvsagt vera.
Først av alt: Gratulerer med opprykket til 3. divisjon! Det er der de høyrer heime.
Opprykket er alt avgjort, og for Fjøra sin del så handlar det no om å få ein best mogeleg plassering bak Sogndal II og ligg i dag på 2. plass. Den må det vera målsetjing om å hald til slutt også. Næraste utfordrar er kun Sandane og Skavøypoll som har like mange poeng som Fjøra, men Fjøra har ein kamp mindre spelt samt at dei har ein betre målskilnad enn blåtrøyene frå Nordfjord.
Trenar Kjell Ertesvåg har sendt oss følgjande kommentar til kveldens kamp:
" Då er det duka for lokaloppgjer mot SIL2. Dette er ein kamp me gledar oss til. Me møter eit lag med som har imponert denne sesongen, og som framleis står utan tap. Opprykket er dermed meget fortjent. Me håpar dei stiller med Tippeligaspelarar, ogeit så godt lag dei kan denne gongen og. Det vil motivere oss ekstra. Spelarane våre er klare til å gi alt for å ta med seg 3 poeng, her skal det angripast! "
Kampen vert spelt på Fosshaugane og me gler oss.