Fjøra FK - Bjørn 2-1
Forfatter: Fjøra FK
15. februar 2014
Seier med minst muleg margin mot Bjørn
Fjøra slo i dag Bjørn 2-1 men sigeren både kunne og burde vore større. Bjørn låg kompakt og forsvarte seg så lenge dei orka og gjorde det lenge vanskeleg for Fjøra å komma til dei store sjansane. På midten hadde dei ein rutinert dieselmotor i Joar Fossøy som jobba og piska på medspelarane sine. Fjøra hadde likevel nokre store sjansar i den første omgangen, og dei fleste kom etter innlegg frå kant eller dødballar. Etter kvartert hadde også Daniel Fylling ein ball i nettet men målet vart nok korrekt annulert for offside av kampens myndige dommar Tor Henning Mardal. Minuttet før pause slo Knut Ola eit perfekt frispark på pannebrasken til Kenneth Nondal, men Nondal brukte skuldra i staden for hovudet og då vart avslutninga for svak. 0-0 til pause etter ein omgang der Fjøra hadde mykje ball men der det mangla tempo bakfra og kreativitet og tøffheit på siste tredelen.
Fokuset i pausen var å auke balltempoet bak, samt hurtigare spelvending og dobling på kant. I tillegg meir kliniske og tøffe i motstandaren sin sekstenmeter.
Kun fem minuttar ut i andreomgangen slår Anders eit innlegg som ein Bjørnspelar er uheldig og stussar i lengste hjørnet for eigen keeper. Berre minuttet seinare gjer Anders det meste sjølv då han med venstra set ballen i lengste hjørnet og 2-0 til Fjøra. Første halvdelen av andre omgang var Fjøra gode men det vart ikkje meir enn desse to måla. Nærmast kom Per Eirik og Daniel med kvar si heading i stolpen, begge etter gode dødballar frå Knut Ola. Fire minutt før slutt reduserte Bjørn sin Andre Søreide og dermed enda kampen 2-1 til Fjøra.
Alt i alt ein kamp på det jamne for Fjøra. Bjørn låg djupt og me vart litt for lite oppfinnsomme og mangla litt sting i angrepsspelet. Stort sett solid defensivt men litt dårleg tempo i frispelinga. Offensivt savna me litt hurtigare spelvendingar, innlegg og trøkk i boksen. Ungfolen Mathias Nese med nok ein god Fjørakamp og han får seg tre bonuspoeng. Flink til å komme framover frå sin høgreback og skaper ein del med nokre farlege innlegg. Og den som ventar på noko godt; det ryktast at Fyllings hörna er tilbake og kanskje får me ein liten børs i løpet av helga :) :)
Bonus points:
3 - Mathias Navarro Nese
2 - Knut Ola Høvik
1 - Daniel Fylling
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Laurdag 15.02 kl 14.00
Arena: Sognahallen
Turnering: Treningskamp
Dommar: Tor Henning Mardal
Fjøra - Bjørn 2-1 (0-0)
1-0 50 min Sjølvmål (Anders Hjeltnes)
2-0 51 min Anders Hjeltnes (Ole Morten Kvam)
2-1 86 min Andre Søreide
Gult kort: Knut Ola Høvik
Fjøra (4-3-3):
Håvard Bøyum- Mathias N Nese, Per Eirik Lunde, Knut Ripe (Ole Morten Kvam frå 46.), Sindre Sanden – Daniel Fylling (Karlis Bremers fra 70.), Knut Ola Høvik, Håvard Lilletvedt (Kees Erstad fra 63.)– Anders Hjeltnes, Victor Aguiar (Arild Underdal fra 46.), Kenneth Nondal (Steffen Olsen fra 63.)