[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fyllings Hörna Fjøra-Eid

Forfatter: Fjøra FK

21. september 2013

Fotball
News article image

Mykje låge børspoeng er fasiten etter det skuffande tapet mot Eid

Børs Fjøra FK- Eid (1-4), 20.09.2013 

Skadeskoten børs frå toppkampen mot Eid.

XI:

Håvard Bøyum – 5

Ein av dei få på Fjøra som ikkje er skada i dag og kan vel ikkje lastast for noken av måla. Litt korte igangsettingar, men er alltid klar for litt balltrilling i bakre rekker.

Håvard Lilletvedt – 5

Kjekke og spela ilag med då han alltid vil ha ballen. Ein del gode kombinasjonar framover og faktisk solid defensivt sjølv med eit par feilposisjoneringar. Litt trekk for ein løpeball til Fylling, fyfy!

Torbjørn Ylvisåker – 5

Litt flinkare til å ikkje gå seg fast på sida si i dag, men da kan ha noke med den konstante masingen fra stopparmakkeren og gjera. Ikkje spesielt interessert i å stå høgt med backrekka og litt smårusk her og der, ellers ein Tobbekamp på det jamne.

Daniel Fylling – 5/6 (FB)

Styrer mykje av spelet til Fjøra første timen frå sin litt uvante stopparposisjon og leverer gode pasningar framover, både langs bakken og i lufta. Viser at han er ein klok fotballspelar som kan nyttast i fleire posisjonar

Roger Hjellhaug (55 min) – 5

Såg ut som han pådrog seg alle verdens skadar på likt då han måtte ut i 2 omgang, men er relativt solid før dette.

Olve Øvstetun – 5/6

Vart voldsomt mykje rom og dekke etterkvart på yngstemann i dag. Skal ha pluss for å alltid gjere seg spelbar. Litt meir framoverretta med ball og dette blir bra.

Knut Høvik – 5

Litt småtusken før kampstart, men la allikevel ned eit bra antall kilometer. Må få ned antall touch med ballen. Mange gode bevegelsar uten og skorar det som kunne blitt eit livsviktig mål.

Kenneth Nondal (68 min) – 4/5

Får trekk for å ikkje ha ete nok før kampen. Mangla tydleg kamptrening og fintene/touchen satt ikkje heilt som dei skulle.

Anders Hjeltnes – 5.

Prøver mykje og kan gjerne få ballen enda meir. Fin assist og ein del gode initiativ framover. Slit som resten meir i 2. omgang.

Arild Underdal (26 min) – 4/5

Gjer lite til eller fra før han må ut med skade.

Ørjan Hjellhaugn (75 min)  - 4

Blir isolert utover i 2. omgang, men var ikkje mykje så stemte i dag. Kjem ikkje til nokon sjansar.

Innbyttarar:

Magnus Hunemo |(26. min) – 4

Har vel hatt bedre dagar på fotballbana. Mange ballmiss og feilpasningar. Kom faktisk meir til sin rett ute på venstrekanten.

Stian Solberg (55. min.) – 4/5

Såg ikkje ut som han var heilt klar for oppgava som venta. Har nok blitt litt mykje eksamenslesing dei siste vekene.

Eilert Brox Holme (68. min.) – 4

Kom inn og viste alle korleis ein innsidepasning IKKJE skal utførast! =) Voldsom sjølkritisk etter kampen.

Olem Solberg (75.min) – 4/5

Inn som tanksenter og vinn ein del duellar, men lite effektivt når det ikkje er nokon til og ta stussane.

Pauseunderhaldning:

Ikkje rapportert om nokon form for pauseunderhaldning, men Eilert hadde med kaffi på benken.