[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

To tette kampar i vente for Fjøra

Forfatter: Fjøra FK

27. april 2014

Fotball
News article image

Møter Florø 2 borte mandag og Tambarskjelvar heime onsdag

Fjøra står framfor to tette og tøffe kampar komande veke, då dei mandag reiser til Florø for å møta Florø 2 medan det allereie onsdag kl 19:00 er ny heimekamp mot Tambarskjelvar.

Florø 2 åpna med 5-1 seier borte mot Dale og er etter vår meining favorittar i årets fjerdedivisjon, medan Tambarskjelvar tapte knepent for Pollen i serieåpninga for deretter og spele uavgjort mot Dale på fredag.

Fjøra tok ein grei seier mot Vik i første kamp, og me føler at me etter dette også har klart å heva nivået eit hakk eller to på treningane. Me satsar på å trøkka til frå start mot Florø og finn me det nivået me veit me har inne kan me forhåpentlegvis reisa derifra med tre nye poeng.

Av vår 20 mannsterke stall er Daniel Fylling og Victor Aguiar indisponible til begge desse kampane. Brede Haukareid er ikkje med mot Florø 2 medan det (som vanleg….) er litt rusk hos dei rutinerte ringrevane Arild Underdal, Torbjørn Ylvisåker og Ole Morten Kvam. Me reknar likevel ikkje med at det er verre enn at iallfall to av dei vert klar.

Til slutt vil me oppfordra alle til å ta turen til Campus onsdag 30.april kl 19:00 og sjå Fjøra – Tambarskjelvar. Etter dette kan de feira både 22-årsdagen til Håvard Lilletvedt og 1.mai på kva måte de sjølv måtte ønska