[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Prematch: Tertnes IL - Fjøra FK

Forfatter: Jan Fuglesteg

22. oktober 2011

Fotball
News article image

Det er klart for cupfinale. Ikkje i NM-cupfinalen mellom Brann og AaFK. Nei, her snakkar me om siste serierunde i 3. divisjon avdeling 8 og kampen mellom Tertnes og Fjøra spesielt.

 
Og sjølvsagt gløttar me på kampen Florø - Saga med minimum eit halvt auga. Me har sesongens siste prematch klar. Dette vert ein rysare utan sidestykkje.

Ein kamp av årets sesong gjenstår. Og utfrå Fjørasyn så vert det spennande tider i mellom kl 15:00 - 17:00 i ettermiddag. Fjøra ligg før kampen på 13. og dermed på direkte nedrykksplass. Men dette kan bli annleis etter denne kampen om Fjøra gjer sin jobb og får litt hjelp frå andre. Me har teke ein liten kik på kva utfall ein kan få. Det som er heilt sikkert er at Fjøra må ha minimum eitt poeng om dei skal ha teoretisk sjanse på 12. plassen som kan medføre fortsatt eksistens i divisjonen. Taper Fjøra sin siste kamp rykkjer dei ned. Me har sett litt på dei andre utfalla.

Dersom Fjøra spelar uavgjort mot Tertnes: Fjøra endar då på 29 poeng og er avhengig av at Florø sler Saga i sin kamp. Då står både Saga og Fjøra på same poengsum, men Fjøra har betre målskilnad og kaprar 12. plassen. Sjansen for å kapre ein 3. divisjonsplass er tilstades, men langt frå sikker. Det avheng litt på kva som skjer i 2. divisjon og kanskje spesielt med 3. divisjon avdeling 4. FK Tønsberg II er einaste lag som kan ta att Fjøra sine då 29 poeng, dersom dei vinn med 6 eller fleire mål mot tabelljumbo Re FK.

Dersom Fjøra vinn mot Tertnes: Fjøra endar då på 31 poeng. Fjøra er fortsatt avhengig av hjelp frå FSK som ikkje kan tapa mot Saga. Uavgjort i kampen FSK - Saga medfører at Fjøra smett forbi på poeng. Fjøra vert då minimum nest beste 12-ar lag i 3. divisjon. Kan bli det beste laget, men då skal mykje gå Fjøra sin veg med tanke på stoda i avdeling 9 (Møre og Romsdal).

Per tid er det heilt sikkert at beste 12-ar lag vil få plass i neste års 3. divisjon sidan Løv-Ham II berga plassen sin førre helg, samstundes som Løv-Ham fusjonerer med Fyllingen. Det kan også bli fleire plassar ledige og her henviser me til ein tråd i VGD som truleg oppsummerer det heile.

Som de skjønar, mykje om og men. Fjøra har berre eit fokus i denne kampen og det er å prestere det beste dei kan. Får dei til dette, og kun då, kan det vera godt nok til å slå Tertnes på bortebane. Det er god stemning i Fjøralaget om dagen og det er eit lag som er klar for dagens cupfinale. Fjøra er i siget og eit av formlaga i avdelinga med 12 av 15 oppnådde poeng på dei siste 5 kampane. I førre kamp feia dei Stryn av bana med sifrane 5-0. Fjøra lyt prøve å gjensakpe den spelegleda og ikkje minst kvalitet som dei leverte i den kampen.

Fjøra har fått førebudd seg godt denne veka. Gode treningar, stort trøkk og mykje folk på treningane. På spelarsida så er det kun Vegard Fardal Nes som ikkje er klar. Han slo opp ein strekk på trening denne veka. Jørn Skjeldestad vert også heime då han ventar familieauke hur tid som helst. Ole Morten Kvam er attende frå karentene, samt at Jens-Ivar Nilsen og Tobias Larsen erattende etter reise. Dette inneber at Fjøra reiser til Bergen med følgjande tropp:

Leif Kvamme Lysne, Håvard Kristiansen Bøyum, Jørn Kvalvik, Torbjørn Ylvisåker, Sebastian T. Eriksen, Ole Morten Kvam, Tor Ove Anuglen, Roger Hjellhaug, Ola Egge Ødegaard, Jens-Ivar Nilsen, Tobias Larsen, Johan Vorgaard, Anders Hella, Kenneth Nondal, Noah Kellerhals, Kai-Henry Haugen, Arild Underdal og Magnus Hunemo

Tertnes har hatt ein trøblete haust der dei har gått på ein del smallar. Det har ikkje vorte så mange poeng heller. MEN dei har i einkelte kampar vist at dei held meget godt nivå. Det kan dei fort vise i dagens kamp mot Fjøra. I haust har ein liksom ikkje heilt visst kva Tertnes kan finne på. Ordet eg prøver å formidla er nok ustabilitet. Eit kvart lag er nok interessert i å vinne siste kampen for sesongen og få ei positiv oppleving framfor oppkøyringa til neste sesong. Tertnes er eit lag som treng akkurat dette etter at dei har gått på 3 strake tap. Tertnes slo Fjøra 2-0 i vårkampen, men mykje har skjedd med både Fjøra og Tertnes etter den kampen.

Fjøra lyt berre kline til i dag. Det er 2 x 45 minuttar pluss tillegg igjen av sesongen. Med det bakteppet til denne kampen så er det berre å gle seg til kamp. Det er jo slike kampar ein ynskjer å spele, kampar som betyr noko ekstra. Og det gjer det i ettermiddag.

Me tek ikkje sikte på å overføra denne kampen live her på fjora.no. Men fortvil ikkje. For Kent Fimreite og Hallo Sogn tek turen til Bergen for å overføra kampen via nettradio. Med seg som kommentator vil han ha med seg Tor Henning Mardal.

Kampen høyrer du her.

Det kan henda at me legg ut noki bilde frå bussturen til Bergen.

TIPS SERIERUNDE 26

Løv-Ham II - Åsane II
Løv-Ham II berga plassen sin førre helg, Åsane II spelar i 4. divisjon neste år. Løv-Ham II bør ta heim ein 3-poengar i denne kampen. Einkelt og greit.
TIPS: H   
     
Florø SK - Saga FK
Ved sida av kampen Tertnes - Fjøra er det denne kampen som er mest spennande i serieavslutninga. FSK har berga plassen sin medan Saga kjempar om å halda på 12. plassen dei no har. FSK har hatt ei god serie-avslutning, sjølv om det vart tap mot Fana i førre runde. Vanskeleg å spå kva FSK legg i denne kampen, men me reknar med at dei ynskjer å avslutta sesonge på beste vis. Thomas Frichsen jaktar toppscorartittelen og ikkje minst, dette er ein kamp mellom Florø og Førde. Då ligg det litt prestisje i kampen. Saga rota det til for seg sjølv då dei hadde ein gylden sjanse til å "naile" 12. plassen førre helg. Det enda med 2-0 tap for Løv-Ham II. Dette inneber at Saga kun er sikre på 12. plassen dersom dei vinn kampen mot FSK i dag. Fordelen til Saga er at dei kan avgjera dette på eiga hand. Dette kan enda i kva som helst og det er Saga som har eit visst press på seg.  
TIPS: U  
     
Stryn T&IL - Fana Fotball

Denne kampen betyr ikkje noko særleg for nokon av laga. Stryn tapte 5-0 for Fjøra i førre runde og er nok interesserte i å retta opp det inntrykket i årets siste kamp framfor eige publikum. Fana er klar for 2. divisjon, men kjem nok til å stå løpet ut. Det er viktig å avslutta sesongen med siger. Det trur me dei greier.  
TIPS: B  
     
FBK Voss - Årdal FK

Voss rauk på ein skikkeleg smell då dei tapte heile 7-1 borte mot Eid førre helg. Det var ikkje bra Voss og mykje kan tyde på at fokus no er retta mot neste sesong. Heime har derimot Voss vore bra og er knappe favorittar. Årdal har hatt ein god haustsesong og ligg an til å nå målsetjinga si om å bli blant dei 6 beste i avdelinga. ÅFK er gode defensivt og har godt trøkk når dei kjem heilhjarta i angrep. Me trur dette vert jamnt.  
TIPS: U  
     
IL Bjarg - Eid IL

Heilt open kamp dette. Bjarg viste karakter førre helg då dei snudde kampen mot AB og vann til slutt 5-3. Meget sterk prestasjon. Også Eid sin prestasjon mot Voss var av den gode sorten så i denne kampen møtest to lag som leverte solide varer førre helg. Bjarg er nok ute etter 2. plassen, Eid ute etter å fortsette det dei har vist den siste tida. Har eigentleg mest tru på heimelaget.  
TIPS: H  
     
Tornado Måløy FK - Arana-Bjørar Fotball

TMFK ligg an til å bli fylkets beste lag i avdelinga og vert det med siger i denne kampen. Det er nok motivasjon god nok. AB har ikkje hatt ein like god haustsesong som vårsesong og me trur at dei endar sesongen med eit nytt tap. Fekk vel 2 mann utvist i førre kamp. Her trur me på vertane.   

TIPS: H