[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Storsiger i lokaloppgjeret

Forfatter: Jan Fuglesteg

25. august 2012

Fotball
News article image

Fjøra vann lokaloppgjeret mot Kaupanger borte på "Skogen". Kampen enda tilslutt med ein solid 5-0 siger til Fjøra.

 
Det vert meldt om ein jamnspelt første omgang der begge lag hadde sjansar til å score mål. Det vart med Kenneth Nondal sitt eine den omgangen. I andre omgang auka Fjøra til 2-0 og det såg ut til å avgjera kampen til Fjøra sin fordel. Kenneth Nondal både starta og avslutta scoringane i dagens kamp. KIL brente eit straffespark på stillinga 4-0 til Fjøra.

Me har fått følgjande kommentar frå ein nøgd Kjell Ertesvåg:

" Ein solid kamp dette av Fjøra. Me møtte eit KIL-lag som låg lågt for å satse på kontringar. Dei skapte nokre nesten sjansar på det tidleg i kampen ved raske Sindre Rørvik. Utover dette skapar dei lite, bortsett frå eit straffespark på slutten som Bjarte tek seg av.

I 1.omgang er me ikkje presise nok eller raske nok me ball, 2. omgang er me mykje betre, og spelar oss til mange sjansar.  Og då får me utteljing i form av flotte skåringar. KIL går meir og meir opp i liminga, og med endå meir vilje siste 15 minutta, burde me ha skapt endå meir.

Noko av det mest positive med spelet vårt om dagen er evna til å tore å spele ball, og ha roen med ball. Ikkje alltid me er like presise, men me lukkast oftare og oftare. Med nødvendig tolmodigheit får me den plassen me treng, og då kjem sjansane. Å tape ball på motstandar sine banehalvdel er sjeldan farleg, så lenge me har balanse og god def organisering. Der var me flinke idag, om me ser vekk frå fyrste 10 minutta.

Alle skal ha skryt i dag, me viser og at me har ein jamn og god tropp. Alle 4 innbytarane kjem inn og gjer ein meget god jobb.

Etter tapet mot Sandane sist, smakte det ekstra godt med denne lagsigeren idag. "

KAMPFAKTA

Kaupanger IL - Fjøra FK  0-5 (0-1)

Mål
0-1, Kenneth Nondal, 28 min
0-2, Arild Lunde Underdal, 53 min
0-3, Roger Hjellhaug, 62 min
0-4, Magnus Hunemo, 77 min
0-5, Kenneth Nondal, 86 min

Gult kort
Kenneth Nondal og Ørjan Hjellhaug, Fjøra FK. Øystein Wilkensen, Kaupanger IL.

Tilskodarar
47 stk

Domartrio
Frode Ølmheim, Syril IL. Assistentar: Frank Heggestad, Veitastrond IL og Aleksander Offerdal, Lærdal IL.

KIL (4-3-3): Rune Loven - Eilert Brox Holme, Kristoffer Dalaker, Øystein Wilkensen, Henrik Førde - Jarle Ims, Hans Martin Wehler, Cristoffer Solheim (Kennet Dvergedal frå 81. min) - Henrik Røysi (Terje Hove Thorsnes frå 57. min), Sindre Rørvik og Ole Einar Rebni

Fjøra (4-4-2): Bjarte Hovland - Jørn Kvalvik, Torbjørn Ylvisåker, Vegard Fardal Nes (Ole Morten Kvam frå 46. min), Roger Hjellhaug - Ørjan Hjellhaug (Håvard Lilletveit frå 68. min), Daniel Fylling, Ola Egge Ødegaard (Per Eirik Lunde frå 67. min), Kenneth Nondal - Mats Nondal og Arild Lunde Underdal (Magnus Hunemo frå 61. min)