[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Sandane - Fjøra 0-4

Forfatter: Fjøra FK

29. mai 2015

Fotball
News article image

Solid Fjørakamp og fullt fortjent trepoengar. (Oppdatert med bilder frå kampen)

Fjøra tok ein sterk 4-0 seier borte mot Sandane og var nærmare det doble enn Sandane var redusering. Det einaste Sandane hadde og by på var eit par farlegheiter som oppstod når Fjøra vart litt for omstendelege og missa ballen i ugunstige posisjonar. Hjeltnes sette det første målet etter fantastisk angrepsspel sett i gang frå høgreback Ole Martin Bolset. Motsatte bevegelsar var stikkordet og til slutt spelte Steffen Olsen Hjeltnes åleine igjennom og Hjeltnes lobba sikkert over ein utrusande Gimmestad i Sandanemålet. Fjøra fortsatte og dominere omgangen men brente den eine store sjansen etter den andre og omgangen ebba ut med 1-0.

Fokus i pausen var og auke tempoet med ball og vere meir nøyaktig framover og klinisk i avslutningane. Angriparane til Fjøra med Hjeltnes i spissen fortsatte og produsere sjansar men avslutningane ville rett og slett ikkje i mål før Olsen fekk pirka inn 2-0 etter 65 minutt. Etter dette losna det endå meir og me fekk ein sjansebonanza der Hjeltnes på sitt tredje forsøk åleine med keeper sette inn 3-0 etter forarbeid av Olsen. Om lag ti minutt seinare var det innbytar Lilletvedt som la inn til same Hjeltnes, som dermed fekk hatricket sitt og 4-0 seier til Fjøra.

Solid defensiv kamp nok ein gang av Fjøra og endeleg losna det litt offensivt også. Me burde hatt nesten det dobbelte i målprotokollen i dag og sjølv om me er litt misfornøgd med avslutningane så er det veldig positivt at me kjem til så mykje sjansar som me gjer. Neste kamp for Fjøra er borte mot Dale fredag 5.juni, då er det viktig at me held oppe trøkket frå i dag for Dale tok som kjendt alle tre poenga mot Tornado for eit par veker sidan.

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Fredag 29.05 kl 19:00

Arena: Idrettsparken, Sandane

Turnering: Seriekamp

Dommar: Runar Hageland

Sandane – Fjøra 0-4 (0-1)

0-1      7 min Anders Hjeltnes (Steffen Olsen)

0-2    65 min Steffen Olsen (Ole Martin Bolset)

0-3    72 min Anders Hjeltnes (Steffen Olsen)

0-4    85 min Anders Hjeltnes (Håvard Lilletvedt)

Gult kort:  Steffen Olsen, Gøran Wigum, Elias Saltnes

Fjøra (4-2-3-1):

Andreas Horvei (Brede F Haukereid frå 89.)

--------------------

Ole Martin Bolset

Per Eirik Lunde

Torbjørn Ylvisåker (Elias Saltnes frå 77.)

Erik Loftesnes (Knut Ripe frå 77.)

--------------------

Gøran Wigum ©

Steffen Olsen (Olve Øvstetun frå 80.)

--------------------

Anders Hjeltnes

Arild Underdal (Ole Morten Kvam frå 54.)

Mats Nondal (Victor Aguiar frå 70.)

--------------------

Sindre Rørvik (Håvard Lilletvedt frå 83.)

Nedanfor finn du eit knippe bilder tatt av Stig Høynes. Meir bilder fra kampen kjem etterkvart på haugenfotball.no, god helg!