Fjøradommar assistentdommar i finalen i Ibercup
Forfatter: Fjøra FK
04. juli 2014
Asbjørn Kjetil Grinde Håre skal gå linja i finalen J17 mellom Atletico Madrid og Marbella.
Fjøradommar Asbjørn Kjetil Grinde Håre er for tiden i Spania og dømmer i Ibercup Costa del Sol. Grinde Håre var dommar i semifinalen jente 17 mellom Atletico Madrid og Espanyol i går før han no er plukka ut til å vera asistentdommar i finalen i same klasse mellom Atletico og Marbella. Grinde Håre fortel at medan ein del dommarar møtte opp i dress hadde han sjølv pynta seg med årets stilige Fjøragensar, og er strålande fornøgd med nok ein finale på CVen.
Grinde Håre vart i fjor plukka ut til å dømma finalen i den gjevaste klassen i Norwaycup, klasse junior, og var ikkje snauare enn at han ba Mini Jacobsen holda kjeft då han ville ha ein kommentar i pausen på den kampen :)
Me ønsker Asbjørn Kjetil lykke til i finalen i Spania og gratulerer med innsatsen sålangt.