[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Årsmøte i Fjøra gjennomført

Forfatter: Fjøra FK

14. mars 2014

Fotball
News article image

I går vart det halde årsmøte i Fjøra der det blant anna kom to nye namn inn i styret.

Årsmøtet vart åpna av ordstyrar og leiar Tom Wolff Navarsete, som også losa dei frammøtte gjennom årsmeldinga. Vidare la kasserar Tor Henning Mardal fram rekneskapen for 2013 før Jan Rune Årøy kort gjekk gjennom budsjettet for 2014. Dugnadane med rakettsalg, Kjempenes Liga, sponsorkontraktar og annonsesalg til Fjøraposten vert viktig å halda fram med og er grunnlaget for at klubben framleis vert godt driven, sjølv om inntektene frå Fjørarevyen no er vekke.

Bjørn Egil Moldestad og Kai Henning Slinde gjekk ut av styret i 2013 medan årsmøte valgte Jens Ivar Nilsen og Osvald Lykkebø som nye styremedlemar. Det nye styret ser dermed slik ut:

Tom W Navarsete (leiar)

Arild Underdal

Eilert Holme

Jens Ivar Nilsen

Osvald Lykkebø