- Me ynskjer å styre kampen
Forfatter: Jan Fuglesteg
14. september 2012
Toppkamp inne i Sognahallen i dag, mellom nummer 2 og 4 på tabellen, Fjøra mot Skavøypoll.
Fjøra tapte sist seriekamp mot Førde II og er nok interesserte i fortast mogleg å snu til siger.
Me har fått trenar Kjell Ertesvåg sin kommentar til kveldens kamp.
" Då står Skavøypoll for tur. Dei har levert ein god sesong etter opprykket, og er eit lag det er vanskeleg å slå.
Vårkampen enda 1-1, ein kamp me hadde god kontroll i, men sigeren rauk i sluttminutta.
Me har over tid no prestert godt på trening, medan det i kamp har vore litt for variabelt, så får me tru det sler ut att i full blomst når me omsider er på plass i Sognahallen att.
Me ynskjer å styre kampar, ha ballen mest, samstundes som me spelar angrepsvilleg fotball. Så får me sjå om me lukkast med ikveld mot eit godt organisert Skavøypollag. "
Kampen går inne i Sognahallen og startar klokka 19:00. Ver der eller vær sær.