- Me gler oss til kamp
Forfatter: Jan Fuglesteg
09. september 2012
Me er seint ute med trenar Kjell Ertesvåg sin kommentar til denne kampen. Men som folk veit, betre seint enn ikkje.
" Ny kamp, denne gongen mot Førde2 på Sande. Førde2 ligg på nedre halvdel av tabellen, men det er ingen fare for at dei rykker ned. Dei vil mobilisere på slutten av sesongen, og dermed sikre seg nok poeng. Dette betyr at me møter eit godt Førde2-lag søndag. Det gledar me oss til, me ynskjer å spele fotballkampar med god kvalitet, underhaldning og spenning i 90 minutt som vippar vår veg. Det er det som gir best utvikling. Dette vert nok ein jamn kamp med 2 spelande lag. Hausten er komen, og me har no flytta oss over på kunstgras med treningar for det meste i Sognahallen. Me trivst godt på kunstgras, og det er der me har gjort våre beste kampar så langt i år.
Me ser fram til å møte Førde2, og gratulerar samstundes Førde 1 med opprykket til 2. divisjon. "
Fjøra stiller med følgjande tropp til dagens kamp:
Bjarte Hovland
Håvard Bøyum
Jørn Kvalvik
Ola Ødegaard
Torbjørn Espeland
Roger Hjellhaug
Ole Morten Kvam
Daniel Fylling
Knut Ola Høvik
Håvard Lilletvedt
Vegard Fardal Nes
Kenneth Nondal
Mats Nondal
Anders Lunde Hjeltnes
Per Eirik Lunde
Stoda for resten av troppen:
Arild Underda (skada), Eivind Gjerald (sjuk), Magnus Hunemo (surfing), Johan Vorgaard (skada, og ute resten av sesongen), Stian A. Solberg (studiar), Jørn Skjeldestad(skada, ute resten av sesongen), Ørjan Hjellhaug (skada, ute resten av sesongen).