Børs Førde 2 - Fjøra
Forfatter: Fjøra FK
27. juni 2013
Fyllings Hörna er erstatta av Ylvis Hörna denne gang
Børs Førde 2 - Fjøra FK (4-3), 26.06.2013
Då Daniel Fylling var indisponibel til denne kampen vart det også fravær av Fyllings hörna. Som standin presenterer me derfor denne gang Ylvis hörna. Neppe same kvalitet på børsen denne runden altså men aldri ein runde utan børshörna…
XI:
Håvard Bøyum – 5
Er uheldig og feilbereknar på 2-1 målet i første omgang, og kunne kanskje vore endå meir bestemt også i eit par andre situasjonar. Sett vekk ifra dette er han som vanleg veldig god til å tørre å sette i gang bakfra, og leverer også eit par klasseredningar på skot fra distanse.
Vegard «Neville» Nes – 5/6
Med altfor mange stopparar tilgjengeleg og ingen backar vart det Vegard si utakknemlege oppgåve og springa opp og ned på høgrebacken. Går inn i kampen med positiv innstilling men blir fort sliten og tenkte nok ei stund på kvifor akkurat han måtte spela på backen… Løyser likevel oppgavene sine veldig bra og plasserer seg smart så lenge han orkar
Torbjørn Ylvisåker – 6
Lagar straffen som gir 1-1, men har ellers saman med Per’n grei kontroll på sterke Vie. Kunne kanskje trilla ball med litt meir tempo, men likar jo å ta det litt med ro innimellom. Er flink til å leite opp medspelarar til tider, men slår langpasningar like lite langt som ein tiåring med tøfler.
P.E.L – 6
Tråkkar som vanleg til og gir Vie skikkeleg juling i nokre hovudduellar. Spissane i divisjonen har nok etterkvart fått respekt for denne bulldosaren fra Leikanger og kvir seg nok litt til å få Per’n i ryggen. Kan vere litt meir tolmodig med oppspela innimellom, men vert stadig bedre også med ball
Ola Ødegaard – 5/6
Ola vert som vanleg flytta litt rundtomkring på bana då han er den heilt klart mest anvendelege spelaren i stallen, og i dag måtte han ut på venstrebacken. Litt ukomfortabel i periodar, naturleg nok, og kjem bedre i frå det når han etter kvart vert flytta framover i bana
Øystein Wilkensen – 6
Går litt seint av og til men plasserer seg godt og i dag er han veldig flink til ned å hente og posisjonere seg mellom to breide stopparar
Ole Morten «Irwin» Kvam – 5/6
Vart auge på Kvam når han fekk vita at han måtte starte, men kom fort til hektene. Åpnar på djup midtbane men vert seinare flytta ned på venstreback. Påstod etter kampen at han ikkje var særleg sliten, og me er derfor litt skuffa over at han ikkje flaug meir opp og ned langs vesntresida. God kontroll defensivt, med unntak av eit slurvete tilbakespel som endar i 3-2 til Førde. Innsida av foten Ole Morten, INNSIDA, ikkje utsida…
Ørjan Hjellhaug – 5
Veldig god inolvering på 1-0 der han har assist til Nondal, men dett litt vekk etter dette. Får lite hjelp av sin høgreback offensivt då Vegard måtte prioritere sine defensive oppgaver, og ber nok litt preg av dette. Ser litt sliten ut om dagen og vil nok komme sterkare etter ferien
Olve Øvstetun – 6
Som vanleg god til å verne om ballen og brukar den vesle kroppen sin godt i nærkampar. Kan med fordel sette litt meir fart framover når han har mulighet. Elles flink til å speida etter pene Førdejenter på tribuna…
Kenneth Nondal – 7/8 (Fjøra’s beste)
To mål og ein assist på Nondal, treng egentleg ikkje sei så mykje meir. Står for det meste Fjøra produserer offensivt, og har verkeleg funne formen på slutten av vårsesongen. Klart best på Fjøra og me set vår lit til at Nondal kjem att i like god form når haustsesongen startar opp. Flott Kenneth
Terje Flugheim – 5/6
Stiller velvillig opp som spiss då Fjøra var i beit for folk. Takk, Terje! Er god som oppspelspunkt, og vinn ein del duellar. Burde og kunne vore brukt meir
Innbytarar:
Eilert Holme (62.min) – 5/6
Eilert med to turar til Førde på ein dag, likar seg i Førde denne guten. Får seg ein god halvtime på høgrebacken og løyser oppgavene sine bra. Koste seg som passasjer i bilen til Jens og var pratesjuk som få.
Jarle Flugheim (81. min.) – 5
Som om det ikkje var nok med ein Flugheim, måtte me også ned på Frydenbø og huka tak i Jarle for å ha litt backup på benken. Sjølv om dette kom litt bardust på Jarle, stillte han ivrig opp når han først fekk tenkt seg om. Stod og trippa på benken heile andre omgang og var nokså spelesugen, men klokka passerte 80 min før Jens turde å sette han inn. Gjer seg absolutt ikkje vekk, trass lite fotballøkter siste halvåret.
Pauseunderhaldning:
Jarle Flugheim og Eilert Holme – 6
Med unntak av litt kjefting fra Jens, var det Jarle og Eilert som stod for pauseunderholdninga i Førde. Vart vist fram både skot, langpasningar og nokre småtriks. Var som to kalvar på beite for første gang, og får plusspoeng for innlevelse