Tips serierunde 3
Forfatter: Jan Fuglesteg
03. mai 2012
Sidan Fjøra først har kamp på sundag mot Veitastrond, kjem prematchen for den kampen i løpet av helga. Men serierunde 3 startar alt i morgon og i det høvet har me klar tipsa våre.
Det er mange interessante kampar i denne runden og mange av dei er vanskeleg å spå utfallet av. Serien har ikkje "sett" seg heilt enno som det så populært heiter. Vel her er tifsa for 3. serierunde.
Dale IL - Kaupanger IL (Fredag 4. mai kl 19:00)
Kamp mellom to lag som treng ein 3-poengar. Dette gjeld spesielt heimelaget som står med to tap sålangt. Dale tapte 4-2 mot STIL førre runde, men hadde ein god periode i 2. omgang der dei reduserte 2 gonger og var på veg innatt i kampen. Men då STIL auka til 4-2 like etter så var løpet køyrt. Martin Myklebust er truleg attende i denne kampen etter å ha stått over kampen mot STIL grunna raudt kort i serieopninga. Kaupanger står med eitt poeng sålangt, og heime mot seriefavoritt Sogndal II så vart det tap 4-2. KIL godt med i periodar, men personlege feil og sjansesløseri var medvirkande årsakar til tapet vert det meldt på KIL si heimeside. KIL har eit bra lag og det er venta at dei vil vera på øvre halvdel. Men då må dei snart få seg ein 3-poengar. Ufatteleg vanskeleg å spå utfallet av denne kampen. Me gamblar på ein syltunn bortesiger.
TIPS: B
Lærdal IL - Jølster IL (Laurdag 5. mai kl 14:00)
Forferdeleg start på sesongen for lærdølene 1-15 på dei to første kampane er hard kost og spørsmålet er kva dei skal gjera for å snu den trenden. No sist vart det 1-8 på heimebane der lite stemte i følgje eigne heimesider. Lærdal må unnvære målvakt Per Einvald Aspevik som fekk raudt kort i kampen mot Førde II måndagskvelden. Jølster har også hamna nede i botn av tabellen etter at dei står med 1 poeng etter 2 kampar. Sist vart det tap 0-1 for Fjøra heime i Jølster. Jølster er eit lag som kjem til å koma sterkare utover. Dei har hatt ein del skadar på spelarar, samstundes som dei har fått inn nye spelarar som truleg hevar laget. Begge lag har eit visst press på seg og ynskjer sårt 3 viktige poeng. Me trur at bortelaget tek med seg dei heim.
TIPS: B
Balestrand IL - Sandane T&IL (Sundag 6. mai kl 15:00)
Flott og imponerande sesongopning av Balestrand. Berre uflaks (og litt udugelegheit) gjer at dei ikkje står med full pott sålangt. Etter 1 poeng i serieopninga, slo dei skikkeleg til med heile 5-1 mot Veitastrond etter spesielt ein glitrande 1. omgang. Det virkar som at BIL har teke nivået flott og kjem nok til å ta ein del poeng. Det virkar som at dei har ein fin miks av spelarar og at dei jobbar godt saman. Spelar sin tredje heimekamp på rad og etter den fine opninga tippar me at omlag 20% av befolkninga i kommunen tek turen på kamp. Sandane røyste seg etter braktapet mot SIL II i serieopninga og vann komfortabelt mot Dale. STIL får truleg attende Ingar Sårheim pådrog seg raudt kort mot SIL II i serieopninga. STIL er venta å vera med i toppen, og då må det bli siger mot eit nyopprykka lag. Det vert alt anna enn lett. STIL er knappe favorittar og har offensive kvalitetar som kan avgjere jamne kampar. Men her kan BIL stella istand problem.
TIPS: B
Skavøypoll IL - Førde II (Sundag 6. mai kl 15:00)
To lag med flotte sigrar i runde 2. Faktisk to lag som fort kunne ha stått med full pott om dei hadde hatt litt meir flaks / dugleikar. Skavøypoll slo Høyang borte og har med den sigeren plassert på øvre halvdel. Polljen har ei rekke gode spelarar med fartstid på høgare nivå. Sper ein på med gode talent så vert det bra. Polljen kjem nok til å ta mange poeng i år og kan fort verta ei av overraskingane i årets 4. divisjon. Førde II slo til med 8-1 siger borte mot Lærdal etter at dei unge spelarane viste mykje godt spel og fine scoringar. Årets Førde II lag består av mange unge og talentfulle spelarar som nok vil varierer noko i prestasjonane, men i sine beste stunder er dei nok eit topplag. Ny vanskeleg kamp å spå utfallet av dette og me trur det vert poengdeling.
TIPS: U
Sogndal II - IL Høyang (Måndag 7. mai kl 19:00)
Sogndal II gjekk rett til topps på tabellen etter at dei vann den vanskelege bortekampen borte på Skogen i runde 2. Det vart 4-2 siger, men KIL hadde sine skjansar på stillinga 4-2. SIL II vann kampen fortent og har plassert seg på tabellen der dei ynskjer. SIL II har denne sesongen ikkje hatt stort innslag av A-spelarar, men laget held likevel høg kvalitet, noko seriestarten og treningskampane tidlegare i vår vitnar om. SIL II består av unge, lovande spelarar som trenar utruleg mykje. Det gir resultat. Høyang opna sesongen med sterk bortesiger mot Førde II. Jeddna litt heldige poeng, men 3 poeng uansett. Mot Polljen heime på Sletta gjekk det tyngre. Det vart tap 0-2, men Høyang hadde sine sjansar i 2. omgang, mellom anna ein i stonga og straffebom. Her er SIL II klare favorittar.
TIPS: H