[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Prematch Fjøra - Førde2

Forfatter: Fjøra FK

03. oktober 2013

Fotball
News article image

Då er me komne til årets siste kamp, og Fjøra møter fredag Førde 2 heime

Det er klart for siste seriekamp og alle kampane i denne runden går fredag kl 19.00. For Fjøra sin del har det vorte tre tap på rappen etter tre meget svake andreomgangar, og laget har no dutte heilt ned på sjetteplass. Sjølv om ein ikkje har så mykje å spele for lenger, vert det viktig å reise kjerringa og få til ein god kamp så ein ikkje avsluttar sesongen med fire strake tap. Treningsveka har vore sånn på det jamne, litt lite folk tilgjengeleg og ein del småskadar men me skal likevel stå godt rusta til kamp mot Førde 2.

Kampen fredag går inne i Sognahallen kl 19.00 då SIL 3 spelar samstundes på Campus. Dei siste tre sponsorkontraktane skal også trekkast i morgon og vinnarane vil bli publisert på fjora.no då høgtalaranlegget i hallen er ute av drift. Derfor ingen speakertjeneste i morgon men me vil likevel anbefale alle å ta seg ein tur i hallen då temperaturen der er vesentleg betre enn ute på Campus der SIL 3 spelar :)

Troppen til Fjøra er som følgjer: Bjarte, Roger, Torbjørn, Per Eirik, Håvard L, Olve, Knut, Daniel, Kenneth, Anders, Olem, Ørjan, Arild, Jens Ivar og Eilert.

Dei andre kampane i runden:

Dale - Eid

Med seier her er Eid klar for opprykk og det trur me dei mobiliserer til. Ingen enkel kamp, dog men me går for B

               

Jølster - Balestrand

Kamp mellom dei to nederste laga på tabellen. Balestrand slo Fjøra etter en god andreomgang sist, kan dei fortsetje den gode trenden? U

Kaupanger - Høyang

Kaupanger i støtet og har sanka ein del viktige poeng i det siste. Jamn kamp der me trur mest på heimelaget, H

Sandane - Skavøypoll

Begge desse laga kan hamne mellom tredje og sjetteplass. Jamn kamp her og men me trur mest på Sandane, H

Sogndal 3 – Florø 2

Florø 2 må vinne her og håpa på at Eid gir vekk poeng mot Dale for å rykke opp. Me trur Florø gjer jobben, B