Fyllings Hörna
Forfatter: Fjøra FK
07. juni 2013
Ein Fylling i storform etter kveldens snuoperasjon har sendt oss ein skikkeleg gladbørs!
Børs Fjøra FK – Florø 2 (5-4), 06.06.2013
Børs fra den heidundrande kampen mellom Florø sine nest beste og Fjøra.! Ein kamp med mange mål og mykje fint spel. Kan vel trygt sei at da gjekk fra helvete til himmel på under 45 min! Etter å ha vore litt streng med Poljen sist kamp må eg benytte denne anledningen til å rose Florø for deiras måte og spele på. Kudos!
XI:
Bjarte Hovland – 5/6
Viser sin klasse når han på overtid og stillingen 5-4 kjem ut på 20 meter, bryt eit Florø oppspel og drar av ein mann før han klarerar. Ice coooold. Ein del gode redningar som held Fjøra inne i kampen, men ein kan vel stille eit lite spørsmålstegn ved 4-1 skoringen! =)
Ola Ødegård – 7
Tilbake til den litt meir ukjente høgrebackposisjonen sidan Kvalvik valgte og ditche Fjøra for jobb (høyrt slik?!). Endar opp med ein assist og den matchavgjerande skoringen. Kan ein forvente meir? Og om Bjarte var iskald på klareringen sin må Ola ha nynna på Vanilla Ice sin tidlause klassikar «Ice, Ice Baby» fra han fekk pasningen fra Olve og til ballen låg i nota. Tok seg god tid ja!
«Tåbben» - 6/7
Meldte før kampen om at formen var i anmarsj og at han har brukt pre-season godt til og prikka inn formen. Riktgnok har denne pre-seasonen vart i knappe 6 månader, men som dei tolmodige seier: «Ting tar tid». Form eller ei så var Tobbe litt shaky i 1. omgang og kanskje litt i overkant spelande til tider, men kom seg no greit ut av det meste. Er særs viktig når han tek tak utover i 2. omgang. Var ellers kjekt å gi Fjøraveteranen ei skikkeleg bursdagsgåve i form av ein opphenting han var storveges fornøgd med
Vegard Fardal Nes – 6/7
Første kamp for Fardalsguten i år og mange var nok spente på formen til fjorårets Årets spelar. Som Tobbe litt shaky når da går fort i 1. omgang, men spelar seg stort opp i 2. Bryt foran fleire gongar og er unplayable i luftrommet. Flott Vegard, du e flinke!
Olve Øvstetun – 6/7
Sidan Fjøra ikkje har backar for tida vart det Olve si (utakknemlige) oppgåve og spele venstreback i dag. Er som vanleg veldig spelande, men kan bruke litt mindre tid med ball ved nokre høve. Så til det positive: Har ein megaviktig assist på slutten og ofrar virkelig alt kampen igjennom. Flink til å roe ned når han blir flytta opp på midten.
Andre Wilkensen – 6
Har årets vanskelegaste oppgåve i 1. omgang då han prøver og halde midten og angrepet samla, kjem meir til sin rett når Fjøra senkar spelet i andre. Bryt fint og dekkar bra med rom. Spelar andre fint inn i mellorommet. Ser, saman med Fylling, at det var duka for byte etter 75 min. Taktisk sjølvinnsikt som snur kampen!
Knut Høvik – 7/8
Har liksom venta på at Knut verkeleg skal ta steget opp etter den leie ankelskaden, og i dag fekk eg svar! Som resten av laget litt «off» før pause, men kjempar likevel bra. Heilt vanvittig innsats etter pause og ein av dei som verkeleg står fram. Rett og slett sjefolainen på midten, for å bruke eit Pondus-uttrykk. Fin assist på 2-4 dreg óg opp. Står verkeleg kampen ut!
Håvard Lilletvedt – 6
Sleit litt, som alle andre, med tempoet i 1.omgang, men sneik seg allikevel aleine med keeper før det var spelt 10 min. Gjer, ilag med resten av midtbana, ein kjempeinnsats i 2.omgang. Flott og sjå at du kan meir enn dragningar og Snapchat Håvard!=) Men kor vart det av luftens baron? Fekk forresten ein ekkel snap av nok ei blemma etter kamp. Æss.
Kenneth Nondal – 9 (Fjøra’s Beste!)
Sa før kampen at i dag kom målet og det kom ikkje berre eit! I dag kombinerte Kenneth alle sine skills saman med heilhjerta innsats begge vegar, og resultatet vart ein vidunderleg oppvisning! Utligna til 1-1 på eit kjempeskot, før han seinare på lekkert vis heppa ballen inn på 3-4. Sette så punktum med eit magisk frispark, då han utligna til 4-4. Tipptopp-tommelopp!
Mats Nondal (Ørjan Hjellhaug, 10. min) – 6
På sitt første løp vart diverre Mats skada og inn kom ein spelesugen Ørjan, som var tilbake etter skade. Mange løp framover, men ikkje like pliktoppfyllande heimoverjobbing i 1.omg. Kjem seg til mange gode sjansar og skotmuligheiter, men er endå litt rusten. Får med seg ein fin assist.
Daniel Fylling – 6
Møter veldig mykje og gjer seg spelbar, men savnar at han av og til snur om og går på løp i bakrom for å variere. Slit litt med å få kontakt med kantane i presset i første, men dette er ikkje berre Daniel sin feil. Når han vert litt meir åleine på topp i andre gjer han ein veldig god jobb i det defensive, og puttar også det viktige 2-4 målet som som set i gang snuoperasjonen. Ein skikkeleg gladlaks etter kampen, og børsen var nesten sendt før webansvarleg var kome seg heim fra kamp. Positivt!
Innbyttarar:
Stian Solberg (75.min) – 5/6
Tilbake etter treningsleir på balløya og viser at han lært seg mange gode triks angåande plassering. Bryt fint på 3-4 reduseringen (var veldig nøyen på å nevna akkurat det).
Ole Morten Kvam (75 min.) – 6
Etter å ha blitt oppgradert fra Lada til Volvo på forrige trening takka Ole Morten for tilliten med framifrå duellspel etter innhoppet. Mange gode involveringar og eit herleg gult kort som det osar vinnarvilje av. Comeback?
Pauseunderhaldning:
Uvisst om det var noko pauseunderholdning i dag. Me har følarar ute for å sjekka opp i dette, men når ein ser på benken me hadde i dag er det lite truleg at det var hepping av høg kvalitet på stadion