[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Skavøypollen 1-0

Forfatter: Fjøra FK

19. september 2014

Fotball
News article image

Anders Hjeltnes sikre Fjøra tre viktige poeng i kampen om andreplassen

Fjøra festa grepet om andreplassen etter at dei slo Skavøypollen knepent 1-0. Luka ned til Pollen på tredje er no på fem poeng men sigeren sat langt inne.

Fjøra åpna klart best men halvvegs ut i første omgang tok bortelaget over og hadde mykje av banespelet. Slik fortsatte det litt i andre omgang medan sjansane var relativt jamnt fordelt. Fjøra hadde nokre feite sjansar ved Aguiar og Hjeltnes men også Pollen hadde eit par store som Staff avverga meisterleg.

Ti minutt før slutt vert Knut Ola Høvik spelt fri og idet han rundar keeper vert han felt og soleklar straffe og raudt kort. Hjeltnes er sikker frå 11-meteren og sikra Fjøra tre poeng på ein middels dag spelemessig.

Bonus:

3 – Per Eirik Lunde

2 – Anders Hjeltnes

1 – Espen Staff

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Fredag 19.09 kl 19:00

Arena: Campus

Turnering: Seriekamp

Dommar: Per Oddvar Lien

Fjøra – Skavøypollen  1-0 (0-0)

1-0   78 min Anders Hjeltnes (Knut Ola Høvik)

Gult kort: Arild Underdal

Fjøra (4-3-3):

Espen Staff- Sindre Sanden, Per Eirik Lunde, Ole Morten Kvam, Knut Ripe- Ole Martin Bolset (Kees Erstad frå 89.), Knut Ola Høvik, Håvard Lilletvedt (Ørjan Vikum frå 78.) - Anders Hjeltnes, Arild Underdal(Steffen Olsen frå 59.), Victor Aguiar (Mats Nondal frå 69.)