[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Florø 2 - Fjøra 4-0

Forfatter: Fjøra FK

28. april 2014

Fotball
News article image

Fortjent bortetap mot eit godt Florølag

Fjøra tapte klart 4-0 mot Florø 2 i dag etter ein svak første omgang der Florø leia 3-0. Me møtte eit lag som spelar på same måte som me ønsker med gjenvinning høgt i bana og 4-3-3 formasjon. Dei var flinke til å variera med å spela opp kantane i bein eller i bakrom samt å leita opp indreløparane sine. Fjøra klarte aldri å demma opp for dette og klarte heller ikkje å setta sitt eige spel mot aggressive Florøværingar. 1-0 kom etter nitten minutt etter eit gjennomspel i bakrom medan 2-0 kom fem minutt seinare då Aton styrte eit frispark i mål. Etter dette ville Fjøra ha to straffar, først då Mathias vart dytta i ryggen og seinare då ein ball var i handa til ein Florøspelar. Rart ikkje det vart dømt på dette, spesielt situasjonen med Mathias men domar Esp meinte det var skulder mot skulder og ikkje skulder mot rygg. I det 36.minutt avslutta Aksel Bauge eit fint Florøangrep til 3-0 og komfortabel leiing for Florø til pause.

Sjølv om Fjøra halvvegs i omgangen la seg litt djupare kom me aldri skikkeleg inn i kampen. I andre omgang prøvde me å snu litt på trekanten på midten og kom også litt meir med og skapte nokre farlege sjansar. Knut heada eit frispark i mål som vart tvilsamt annulert for offside, medan Hjeltnes hadde to store sjansar åleine med keeper. Like før slutt kjem ein Florøspelar åleine gjennom og Per Eirik taklar på seg raudt kort og straffe. Straffen set Oddne Årdal i mål og fastset sluttresultatet til 4-0.

Me klarte å heva oss litt i andre omgang men ikkje meir enn at eit godt Florø 2 lag har full kontroll på kampen. Allereie onsdag er det nye muligheiter for Fjøraspelarane då Tambarskjelvar kjem på besøk, då må Fjøra klara seg utan Per Eirik og truleg Steffen som fekk litt kjenning i hamstringen utover i dagens kamp.

Bonus:

3 – Steffen Olsen

2 – Espen Staff

1 – Anders Hjeltnes

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Mandag 28.04 kl 19:00

Arena: Florø kunstgras

Turnering: Seriekamp

Dommar: Dan Kåre Esp

Florø - Fjøra 4-0 (3-0)

1-0   19 min Kaddu Aton

2-0   24 min Kaddu Aton

3-0   36 min Aksel Bauge

4-0   85 min Oddne Årdal str

Gult kort: Ole Morten Kvam, Håvard Lilletvedt

Rødt kort: Per Eirik Lunde (85 min)

Fjøra (4-3-3):

Espen Staff- Mathias Nese, Knut Ripe, Per Eirik Lunde, Sindre Sanden- Håvard Lilletvedt (Torbjørn Ylvisåker fra 85.), Knut Ola Høvik (Kees Erstad fra 75.), Olve Øvstetun- Anders Hjeltnes, Steffen Olsen (Ole Morten Kvam fra 68.), Ole Martin Bolset (Kenneth Nondal fra 46.)