Status Fjørakontraktar, Fjøraposten og Høyang-Fjøra
Forfatter: Fjøra FK
22. mai 2014
Fjøra møter i morgon Høyang borte og det nærmar seg trekning av reisegavekort og utgivelse av årets Fjørapost
Fjøra spelte ein god kamp mot Kaupanger 16.mai og står no med to strake seirar før bortemøtet mot Høyang. Høyang har hatt ein litt trøblete start på sesongen og etter fem kampar står laget framleis utan poeng. Men me som har vore nokre ganger på Sletta veit at kampen truleg vert atskillig jamnare enn det tabellsituasjonen skulle tilseie. Dette vert også Fjøra sin første graskamp for sesongen, så sjølv om det vert litt uvant gler me oss veldig til gras under knottane. Kunstgrasbanene rundt om er etter kvart vortne av høg kvalitet men likevel er det ingenting som slår ei mjuk og god grasbane.
Elles har Fjøraspelarane dei siste par månadene selt både annonser til Fjøraposten og sponsorkontraktar til personar i Sogndalsområdet, begge deler gode inntektskjelder for klubben. I Fjøraposten vil me markere at klubben er 40 år i 2014 og det vil bli litt om historien til Fjøra samt ein presentasjon av alle trenarane Fjøra har hatt i desse åra. I tillegg blir det som vanleg «visste du at…», spelarpresentasjonar, adelskalendar og ei helsing frå trenarteamet. Fjøraposten vil bli utsendt husstandane i Sogndal i løpet av eit par veker
Også trekning av Fjørakontraktane nærmar seg. Me manglar framleis nokre innbetalingar og ventar derfor litt til før me set i gang med trekninga av til saman tolv reisegavekort a kr 4000,-. Me reknar med det vert ein trekning i juni og resten på heimekampar til hausten, 2-3 trekningar i gangen.
Stor, stor takk til alle som støttar Fjøra både gjennom annonser, Fjørakontraktar og elles. Og tvitvi til alle dei som har kjøpt kontrakt til 360 kr!