Ny årsmøtedato
Forfatter: Jan Fuglesteg
24. februar 2013
Leiar Tom Wolff Navarsete har kome seg opp i kneståande pluss, og det betyr at han har funne ny dato for gjennomføring av årsmøtet 2012.
Årsmøtet skulle opprinneleg ha gått av stabelen i morgon onsdag 20. februar kl 19:00, men er no utsett til i komande onsdag kl 19:00.
Det vert vanlege årsmøtesaker som godkjenning av årsmelding, rekneskap og budsjett. I tillegg skal det gjerast val. Årsmøta til Fjøra føregår stort sett heilt utan dramatikk dersom me ser vekk frå det i 1994 då det vart stilla spørsmål ved klubben sin eksistens i framtida.Det er forventa fatta og roleg debatt under årsmøtet for 2012.
Som seg hør og bør, vert det noko å bita i også, og dersom eg ikkje er heilt på jordet så vert det nok pizza (i år utan ost på kanten, men med raumedressing) som står på menyen saman med kolsyrehaldig drykk i ulike kulørar.
Me oppfordrar alle medlemmar til å møta til årsmøtet.