[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Børs Sandane - Fjøra 4-3

Forfatter: Fjøra FK

17. august 2013

Fotball
News article image

Ein børs på det jamne i ein kamp der Fjøra hadde spelet men svikta i dei mest avgjerande situasjonane

Børs Sandane - Fjøra (4-3), 16.08.2013

Regntung børs frå ei blaut bane på Sandane

XI:

Bjarte Hovland – 5

Er litt rusten Bjarte, og kunne kanskje på ein vanleg god Hovland dag avverga eitt mål. Men som seg hør og bør briljerer han utanfor sekstenmeteren og dreg praktfullt av ein Sandanespiss som trur han er i ferd med å pressa Bjarte til å gjera ein feil. Likte seg tilbake i buret så Bøyum må passa seg framover

Snaplert Holme – 5

Ikkje like høgt nivå på Eilert i dag som mot SIL 3 men gjer mykje bra offensivt i første omgang. Prøvde seg attpåtil med eit skot med venstreslegga, traff mål gjorde han og men det stod ein keeper i vegen. Defensivt blir han liggande litt for høgt i periodar

Torbjørn Ylvisåker – 6

Roleg med ball og har ein del fine oppspel langs bakken. Vanskeleg å gjera noko med måla men fire mål i mot er likevel mykje

Olem Solberg –6

Slår ein del gode crossara samstundes som han varierer fint med å spele fri høgrebacken sin. Spelar med ein vond ankel etter gjesteopptreden i mål på trening

Roger Hjellhaug – 5/6

Klaga på dommaren for ikkje å få frispark lenge etter ballen låg i nota på 2-1. Då det etter kvart gjekk opp for Roger at innlegget hans hadde havna i mål vart han så paff at han gløymte å jubla. Grei kamp men kan bli endå meir offensiv om han orkar.

Wilko – 5/6

Gjekk litt seint med Wilko i dag, og likte nok ikkje denne tunge bana meir enn passeleg. Oppgitt over Jens som brukte opp alle bytta kvarteret før slutt, for Wilko var tydeleg sliten siste ti minuttane…

Olve Øvstetun – 5/6

Gjer mykje bra med ball, men står av og til litt og ser på utan som gjer at han kjem på etterskot defensivt. Har nokre gode skotforsøk og gode spelvendingar

Johan Salveson – 6

God kamp av Johan i sin siste kamp før han reiser til Oslo på masterstudium. Står på kampen gjennom og skaper ein del spesielt når han spelar på venstresida. Synd for Fjøra å miste Johan no, som har vorte betre og betre. Skal få ei flaske eplesaft som takk for innsatsen før han reiser!

Knut Ola Høvik – 6/7 FB

Etter ein utleigeperiode for heimklubben Surnadal der han spelte stoppar var Knut tilbake på Fjøra si midtbane mot Sandane. Ein av få som tok tak og trøkka litt til i starten av kampen då Fjøra ikkje var heilt på. Må skaffe seg betre knottar under skoa for var i periodar litt mykje bambi, men likevel god kamp og stor arbeidsradius. Fortsett slik

Anders Hjeltnes – 5/6

Ikkje like involvert Hjeltnes som i dei førre kampane, men viser ved nokre høve at han er farleg med farten sin. Er best som spiss men klarer seg utmerket også på kanten, jobbar som vanleg det han maktar.

Jan Tore Slinde – 5

Er nok ein gang uheldig og berre nokre centimeter frå å få seg ei ny scoring for Fjøra då han breidsidar ballen i tverra. Vart pakka godt inn av Sandaneforsvaret, men kan bli endå meir aggressiv i boksen

Innbyttarar:

Fredrik Tangen (67. min) – 6

Solid innhopp og debut av den offensive høgrebacken som med litt hell også kunne fått seg ein scoring i tillegg til ein målgivande. God med ball og villig til å gå framover som me likar. Blir spennande å sjå meir av framover

Vegard "de Gea" Nes (70. min.) – 5/6

Også Vegard med ein liten skade etter å ha vore keeper på torsdagens Fjøratrening, men stiller alltid opp topp motivert fordiom. Gjer ting enkelt og er god til det. Fekk vera kaptein då han overtok for Olem og vart glad då han fekk prøva seg som stoppar igjen og ikkje på backen

Stian Solberg (75. min.) – 5

Får til ei god avslutning, men rekk elles ikkje å markere seg altfor mykje

Arild Underdal (75.minutt) – 5/6

Lagar sitt tredje mål for sesongen der alle har kome i haust. Held han seg skadefri framover vil det garantert bli fleire

Pauseunderhaldning:

Ingen pausehepping i dag då regnet ausa ned. Derimot fekk nykomlingen Fredrik Tangen høyra eit par gode historiar på benken av Fardal Nes og eldstemann Solberg.