[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Eidkampen i morgon avlyst

Forfatter: Jan Fuglesteg

22. februar 2013

Fotball
News article image

Kampen mot Eid i morgon er dessverre avlyst då Fjøra ikkje klarer å stille lag.

Etter opptelling på treninga torsdagskvelden var det kun 9 spelarar tilgjengeleg, resten var ute med enten skadar eller sjukdom. Smått utruleg at me må gå til det skrittet å avlysa, med tanke på at me for berre tre veker sidan var rundt 20 mann på kvar trening.
 
Aldri kjekt å avlysa treningskampar, verken for vår eigen del og ikkje minst for motstandarden sin del. Me har hatt ein god dialog med Bjørn Totland og Eid og beklagar overfor dei at me måtte gå til det skritt å avlysa.
 
Det blir dermed ingen kampar på oss dei to neste helgane, og det vert derfor viktig at me brukar denne perioden godt til å få stable på beina ein del av dei som no er indisponible.