[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

- Lyt vera pålogga frå fyrste minutt

Forfatter: Jan Fuglesteg

03. august 2012

Fotball
News article image

Trenar Kjell Ertesvåg ser fram mot kveldens kamp mot Jølster heime i Sogndal. Han gir oss nokre tankar om kveldens kamp.


  

" Ny kamp, og nye sjansar. Godt å starte hausten med siger, noko som gjer at me gledar oss ekstra til å ta imot eit Jølsterlag som nedsabla Balestrand med 7-0 på tysdag. Jølster er utvilsamt eit godt lag, men sleit med å få ut potensialet i vår. Har det losna for jølstringane no skal tru?

Me lyt som vanleg ha fokus på oss sjølv, og det me er gode på. Har spelarane den rette gutsen så skal me klare å skape nok til å ta Jølster. Mot Lærdal sleit me i 20-25 minutt med å komme igang. Jølster er betre enn Lærdal, så her lyt me vere pålogga frå fyrste minutt.

Me har ein debutant i troppen til denne kampen og. Per Eirik Lunde frå Syril er klar for innsats i Fjøra-trøya. Han har trent med oss nokre gonger, og signaliserte interesse for overgang. Han er ein spelar med god fysikk, gode haldningar, samt at han er ein lokal spelar.
Me ynskjer Per Eirik velkomen i klubben og lukke til. Me takkar Syril for ei smidig handsaming, og at dei lot spelaren sitt ynskje vege tyngst her.
"