[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Eid 1-4

Forfatter: Fjøra FK

20. september 2013

Fotball
News article image

Tap i toppkampen mot Eid og opprykkstoget gjekk dermed for Fjøra

Som mot Florø 2 sist starta kampen bra for Fjøra, og me varierte fint mellom og slå nokre lange og å trilla ball med tempo medan me venta på åpningar. Me var aggressive i presset og vann ballen fleire ganger gunstig på Eid sin banehalvdel. Det var likevel langt mellom sjansane, både for Fjøra og Eid sin del. Fjøra åpna og avslutta omgangen best medan Eid var best i perioden midt i. Seks minutt før pause braut Knut Ola Høvik fint i midtsirkelen før han sendte ballen til Ørjan på høgresida. Der kom Anders Hjeltnes på overlapp og slo nydeleg inn til Knut Ola som lett kunne trilla inn 1-0 til Fjøra. Sterkt av Knut Ola som også sette i gang heile angrepet. Dessverre for Fjøra varte gleden berre i tre minutt då Anders Midthjell var først på ein retur frå stolpen og dermed 1-1 til pause.

Ein jamn omgang der uavgjort gav eit riktig bilde av kampbildet. Også andre omgang starta ganske jamt, men Eid tok etter kvart meir og meir over. Fjøra måtte gjera ein del bytter på grunn av skader og det vart ein del rokkeringar i laget og folk i litt uvante posisjonar. Fjøraforsvaret med Daniel Fylling i spissen sto bra i mot heilt til det kom to kjappe Eidmål etter 72 og 79 minutt signert Henning Haugen og Anders Midthjell. Kampen var då i realiteten avgjort og gnisten i Fjøralaget forsvant heilt slik at Ruben Kulsveen lett kunne spasere seg gjennom Fjøralaget på overtid og fastsette sluttresultatet til 1-4.

Fjøra er med dette tapet ute av opprykkskampen, då det to kampar før slutt er sju poeng opp til Eid og seks opp til Florø 2. Laget ligg fortsatt på tredjeplass og må no ha fullt fokus mot Balestrand og Førde 2 slik at det vert ei best mogleg tabellplassering. Det er stor forskjell på å bli nummer tre eller nummer seks, og etter to tap på rappen er det viktig å tenka på kampane som kjem og ikkje dei som har vore og som ein ikkje kan gjera noko med.

Me må berre innsjå at me tapte fortjent mot Florø 2 sist og me tapte fortjent mot Eid i kveld. Derfor er det desse to laga som no kjempar seg imellom om opprykksplassen medan me skal kjempa for å kapre tredjeplassen. Sjølv om me i store periodar av kampen var på høgde med både Florø 2 og Eid, var me ikkje gode nok kampen sett under eitt. Ikkje kjekt å tapa fotballkampar, så det er berre å bretta opp ermene og vinna neste!

Stig Høynes har teke ein del bilder frå kampen som du kan sjå ved å følgje denne linken: http://www.haugenfotball.no/fakta130920fjoraeid.html

Kamptidspunkt: Fredag 20.09.13 kl 20.00

Arena: Fosshaugane Campus

Turnering: Seriekamp

Dommar: Thor Kristian Sortevik, Svelgen

Tilskodarar: 70

Fjøra – Eid  1-4 (1-1)

1-0      39 min Knut Ola Høvik (Anders Hjeltnes)

1-1      42 min Anders Midthjell                                 

1-2      72 min Henning Haugen

1-3      79 min Anders Midthjell

1-4      90 min Ruben Kulsveen

Gult kort: Daniel Fylling, Olve Øvstetun

Fjøra (4-2-3-1):

Håvard Bøyum- Håvard Lilletvedt, Daniel Fylling, Torbjørn Ylvisåker, Roger Hjellhaug (Stian Solberg frå 55.)– Olve Øvstetun, Knut Ola Høvik- Anders Hjeltnes, Arild Underdal (Magnus Hunemo frå 26.), Kenneth Nondal (Eilert Brox Holme frå 68.)– Ørjan Hjellhaug (Ole Marius Solberg frå 75.)

Eid (4-4-2):

Tom Øyvind Solheim – Ole Andreas Aarvik (Eivind Skrede frå 46.), Ove Balsnes, Erik Salveson, Erik Rotihaug- Jan Olav Humborstad, Henning Haugen, Bjørn Totland (Ruben Kulsveen frå 87.), Øystein Aabrekk- Simen Lefdal, Anders Midthjell (Johan Skorge frå 89.)