[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Kees Erstad til Dale på lån

Forfatter: Fjøra FK

23. april 2015

Fotball
News article image

Kees er lånt ut til Dale resten av vårsesongen

Då Fjøra har god dekning på midtbana fram til sommaren ønskte Kees å spela resten av vårsesongen for moderklubben for å få mest muleg speltid, noko Fjøra har gått med på. Kees vil framleis verte å finne som fullverdig medlem i Fjørastallen, og er tilbake i kamp for Fjøra når haustsesongen vert sparka i gang 11.august. Kees har hittil bidratt i Fjøra på ein framifrå måte både på og utanfor bana, ikkje minst med sin Fjørablogg. I årets Fjøraavis som er like om hjørnet vil han også presentera stallen på ein humoristisk måte, gled dykk! Me ønsker Kees lykke til i Dale og velkommen attende i august