Prematch Fjøra - Florø 2
Forfatter: Fjøra FK
05. juni 2013
Vurdering av serierunde 8
Denne vekas og neste vekas kamp går for Fjøra sin del på ein torsdag. Først ut er morgondagens kamp mot Florø 2 på Campus Fosshaugane. Med bakgrunn i at Sogndal 3 møter Kaupanger same stad kl 19.00 har Fjøra kampstart allerede kl 17.00. Det er altså supertorsdag på Campus Fosshaugane i morgon der det er mykje, og forhåpentlegvis god, lokalfotball å få med seg.
Florø sitt juniorlag har kamp fredag, og det er årsaken til at denne kampen er flytta fram til torsdag. Florø 2 har åpna relativt bra og har plassert seg like over midten av tabellen på femteplass, etter at dei blant anna har slått seriefavorittane Sandane og Eid begge med 3-2 på utebane.
For Fjøra sin del vart det eit skuffande tap borte mot Skavøypollen forrige helg, og laget bør derfor slå tilbake med seier mot Florø 2 for å unngå ei lita luke opp til toppen av tabellen. Me forventar at me møter eit Florø 2-lag som fokuserer litt meir på sitt eige spel enn tilfellet har vore med ein del motstandarar hittil, og at kampbildet derfor vil verte litt jamnare mellom to lag som prøver å spele fotball. Me skal likevel ta tak i kampen fra start, og det er me som heimelag som skal styre spelet. Forhåpentlegvis vil me fortsetta det gode defensive arbeidet, samt produsera nok sjansar og mål slik at me sit att med 3 poeng.
Det har vore litt småskadar i Fjøratroppen i det siste, så troppen er i skrivande stund ikkje heilt klar.
Ei lita vurdering av dei andre kampane:
SIL 3 – Kaupanger (torsd)
Førstelaget til Sogndal har ferie, og dette forplantar seg nedover også til Sogndal 3. Eit reint SIL2-lag vart knust 6-1 av Tornado mandag, og SIL3 må derfor i hovudsak klare seg på eiga hand her. Kaupanger fekk rodd i land sin første seier heime mot Dale sist, men fekk utvist Joakim Andreassen og må unnvære han mot Sil3. Me trur likevel Kaupanger skal vere det beste laget av desse, og føler oss rimeleg sikre på at kaupingane får seg nok ein trepoengar her. Det skal seiast at SIL3 har både Stadheim og Øren i bakhand, som kanskje grunna lite folk kan bli å finna på bana til denne kampen. B
Dale - Høyang (torsd)
Høyang slo kraftig tilbake etter 0-7 mot Fjøra og slo Jølster 7-1. Dale tapte på overtid borte mot Kaupanger og må finna seg i at årets sesong vert ein kamp for å overleva i divisjonen. Ganske åpen kamp der heimebanefordelen kan bli avgjerande, men me trur laga deler poenga. U
Jølster – Skavøypollen (fred)
Jølster fekk bank av Høyang på Sletta sist og det har vore litt tynt i rekkene hos jølstringane i det siste. Pollen tok ein taktisk seier mot Fjøra etter å ha forsvart seg godt kampen igjennom. Det luktar ikkje mykje mål i denne kampen men me trur Jølster er såpass svake for tiden at Pollen tek alle poenga. B
Balestrand – Eid (fred)
Topp mot botn, favør Eid. Balestrand som venta i botnsjiktet, medan sjølvutnemnt seriefavoritt Eid førebels er å finne på tredjeplass, plassen over Fjøra. Totland styrer mykje både på og utanfor bana i Nordfjord og er ei viktig brikke på eit ellers ungt Eidlag. Fredag trur me Totland styrer Eidskuta til ein grei borteseier i Balestrand. Klar B
Sandane - Førde 2 (mand)
Rundens toppkamp, der nummer ein og to på tabellen møtes til dyst. Førstelaget til Førde imponerer i andredivisjon, medan eit ungt andrelag viser med sin andreplass i fjerde at det kjem spelarar bak også. Sandane fortsatte trenden med å avgjere kampar til sin fordel på overtid, då Jonas Denk forrigehelg vart matchvinnar mot SIL3 to minutt på overtid. Juty Johnny må stå over oppgjeret grunna raudt kort, så sandensarane må sette sin lit til Wiebrørne. Vanskeleg å spå utfallet her. Førde 2 som marginal favoritt, men me trur det fort kan bli poengdeling. U