[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

3-1 seier over Smørås i Bergen

Forfatter: Fjøra FK

22. mars 2013

Fotball
News article image

Fjøra leverte ein av sine meir solide kampar for året då dei fredag kveld slo Smørås 3-1 på Slåtthaug kunstgras.

Fjøra åpne kampen usikkert, og slapp eit spelande Smørås ofte gjennom i mellomrommet. Avstandane mellom lagdelar og spelarar vart for store, og beinflytten for dårleg. Det var likevel Fjøra som fekk det første målet, og det kom etter ein kontant heading fra Per Eirik Lunde i det fjortande minutt. Det var ein god innoverskrudd corner fra eldsteblad Nondal som traff pannebrasken til Per’n.

Etter målet heva Fjøra seg betrakteleg og fekk sett litt meir av spelet sitt samtidig som dei framsto meir solid enn på lenge defansivt. Etter å ha etablert spel på Smørås sin halvdel  i det 26. minutt fann Vossakongen Ola Ødegaard ut at han skulle testa skotfoten fra om lag 25 meter. Ballen fauk inn i krysset bak keeper, og Ola smilte så breidt berre ein glad vossing kan gjera. Også Daniel Fylling lot seg imponera og kunne i tillegg notera seg for ein av sine enklare assists.

Utan at me skal dvela for mykje med baklengsmålet som kom etter 41 minutt, kom dette etter litt passivt forsvarsspel av Fjøra. Laget lot seg ikkje vippa av pinnen av den grunn og gjekk til pause med ei 2-1 leiing.

I andre omgang var det tydeleg at fjørene hadde spelt på seg ein del sjølvtillit, og trilla ballen ein del bak før ein valgte mange gode løysningar. Omgangen bar preg av god defensiv kontroll og ein del gode overgangar og frispelingar bakfrå. Mål vart det ikkje før i det 89. minutt, og som ved det første målet, kom det etter ein Nondal-corner, denne gangen fra broder Mats. Mats slo ein hard corner inn i feltet der fleire Fjøraspelarar pressa ein uheldig Smøråsforsvarar til å laga sjølvmål. Mats Nondal hadde før dette også ein stor sjanse etter eit veldig flott angrep på Fjøra si høgre side, men skotet vart avverga til corner.

Trenarteamet er veldig godt fornøgde med korleis spelarane løyste oppgåvene sine i denne kampen, og det var flott å sjå at det me har jobba med siste 1-2 vekene no satt litt bedre. Balansen i laget og den defensive intensiteten var på eit atskillig høgare nivå enn tidlegare, og spesielt i andre omgang, slapp me ikkje Smørås til dei store sjansane.

Me takkar Smørås for kampen og ynskjer dei lykke til i årets sesong.

KAMPFAKTA:

Smørås – Fjøra 1-3 (1-2)

 

0-1     14 min Per Eirik Lunde (Kenneth Nondal)

0-2     26 min Ola Ødegaard (Daniel Fylling)

1-2     41 min ukjendt

1-3     89 min Sjølvmål (Mats Nondal)

 

Dommar: Ole Pettersen

Tilskodarar: Ca 15

Gult kort: ingen

Fjøra:

Håvard Bøyum- Eilert Holme, Per Eirik Lunde, Torbjørn Ylvisåker, Roger Hjellhaug (Arild Underdal fra 72.)- Olve Øvstetun (Håvard Lilletvedt fra 46.), Øystein Wilkensen, Ola Ødegaard (Mats Nondal fra 46.), Kenneth Nondal (Kristian Nornes fra 46.)- Daniel Fylling (Jørn Kvalvik fra 82.)- Ørjan Hjellhaug