[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Spelarstall Fjøra 2015

Forfatter: Fjøra FK

21. mars 2015

Fotball
News article image

Komplett stall for 2015 er klar

Årets Fjørastall er no komplett og tel 22 namn. Det er 6 nye spelarar i stallen samanlikna med i fjor, Gøran Wigum (fra Kongsvinger), Elias Saltnes, Erik Loftesnes, Erik Fossnes (alle fra SIL 2/3), Sindre Rørvik (fra Kaupanger) og Tommy Øren. Yngstemann er keeper Andreas Horvei (1998), tett fulgt av midtstoppar Elias Saltnes (1997) medan 79-modellane Underdal og Ylvisåker framleis nektar å gi seg og er eldst også i år. For Fjøra, som truleg aldri har vore fleire studentar enn i fjorårssesongen, er det flott å sjå at alle nykomarane er lokale og det trur me vil bidra til å løfta klubben dei neste åra. Saman med ein flott gjeng engasjerte og treningsvillige studentar håpar me at årets Fjøralag vil kunne ta opp kampen med Tornado/Måløy og kjempa om opprykk til tredje divisjon.

Nokre skadar er det i Fjøra om dagen og inn mot helgas kamp mot Austevoll er desse spelarane usikre eller ikkje aktuelle: Tommy Øren (slit med ein overtråkk og må kanskje på MR-undersøking, uvisst når tilbake), Gøran Wigum (rygg, snart tilbake), Knut Ola Høvik (slit framleis med rygg/hofte, uvisst når tilbake), Steffen Olsen (kne, snart tilbake), Arild Underdal (strekk, i trening og på veg tilbake), Ole Morten Kvam (ankel, uvisst når tilbake)

 

Oversikt stall med draktnummer:

NR

NAVNPOSISJONFØDSELSDATO
1Andreas HorveiKeeper20.08.1998
2Erik Fossnes (NY)Back 23.10.1996
3Ole Martin Bolset Stoppar/Midtb06.04.1992
4Torbjørn YlvisåkerStoppar06.06.1979
5Erik Loftesnes (NY)Back03.03.1996
6Knut Ola HøvikMidtb/Stoppar25.09.1992
7Steffen Olsen Midtbane30.09.1991
8Mats NondalKant/Midtb27.04.1994
9Arild UnderdalSpiss04.01.1979
10Gøran Wigum (NY)Stoppar/Midtb04.02.1991
11Anders HjeltnesKant/Spiss16.04.1994
12Espen Staff Keeper09.03.1993
13Tommy Øren (NY)Spiss/Midtb10.05.1980
14Sindre SandenBack21.08.1991
15Elias Saltnes (NY)Stoppar/Back24.03.1997
16Knut Øystein Ripe Back/Stoppar31.08.1987
18Sindre Rørvik (NY)Kant/Spiss08.03.1989
19Kees Erstad Midtbane07.08.1988
20Per Eirik LundeStoppar19.05.1992
21Håvard T LilletvedtKant/Midtb30.04.1992
22Victor Dos Santos AguiarKant/Spiss29.04.1991
23Ole Morten KvamStoppar/Midtb26.04.1982