Komfortabel trepoengar til Fjøra
Forfatter: Jan Fuglesteg
04. juni 2012
Fjøra slo Førde II komfortabelt i kveldens kamp på Sogndal stadion. Det enda med 3-0 siger til Fjøra etter at det stod 1-0 ved pause. Sebastian Tveten Eriksen putta to mål, medan Vegard Fardal Nes netta ein gong. Sigeren var fullt fortent og kunne ha vore større sett i lys av første omgang då Fjøra skapte mykje.
Me har fått Kjell Ertesvåg sin kommentar etter kveldens kamp:
" Dette vart ein grei 3-0 siger, sjølv om Førde II hadde eit par sjansar på stillinga 1-0.
I 1. omgang spelar me bra offansiv fotball. Flotte kombisjonar, og me kom til mange flotte innleggsmulegheiter spesielt. Men skåringane uteblei, heilt til det 35. minutt då Sebastian Eriksen krangla til seg ballen og banka den i nota. Abosulutt godkjendt 1. omgang, og eit steg i rett retning.
I 2. omgang er me meir variable, avstandane vert for store, og me gir ballen for lett vekk til eit aggressivt Førdelag. Me er meir effektive framføre mål, og puttar 2 mål, utan å ha all verden av sjansar.
Vinne fotballkampar er utruleg moro, og så klart me er nøgde med 3 poeng, 3 flotte mål og igjen - 0 baklengs. "
Neste kamp for Fjøra no er førstkomande sundag då Fjøra tek turen til ytre Nordfjord for å måla krefter mot Skavøypoll IL.
KAMPFAKTA
Fjøra FK - Førde II 3-0 (1-0)
Mål:
1-0, Sebastian Tveten Eriksen, 36 min
2-0, Vegard Fardal Nes, 69 min
3-0, Sebastian Tveten Eriksen, 87 min
Gult kort:
Morten Holsæter, Førde II
Domartrio:
Frank Heggestad, Veitastrond IL. Assistentar: Eirik Strupstad, Hafslo IL og Eirik Hove, Sogndal IL
Tilskodarar:
Ca 120 stk
Fjøra (4-4-1-1): Håvard Kristiansen Bøyum - Jørn Kvalvik, Ole Morten Kvam, Vegard Fardal Nes, Sebastian Tveten Eriksen - Ørjan Hjellhaug (Stian Anhanger Solberg frå 70. min), Ola Egge Ødegaard, Anders Hella (Kenneth Nondal frå 62. min), Johan Elverum Salveson - Espen Granlund (Johan Vorgaard frå 58. min) - Magnus Hunemo
Førde II (4-4-2): Martin Nygård - Øystein Østvik (Morten Holsæter frå 69. min), Eirik Kvamme, Sondre Herstad, Nikolai Hilding - Vegard Eikeland, Kristoffer Angedal, Robert Skarstein, Sondre Sandvoll (Kim Andre Herstad frå 69. min) - Magnus Bjørvik og Sander Dvergsdal