[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Ny kamparena for Fjøra

Forfatter: Jan Fuglesteg

18. januar 2013

Fotball
News article image

I sesongen 2013 vil Fjøra spela heimekampane sine på ein av landets beste fotballarena.

Fjøra kjem stort sett til å spele sine heimekampar i Sogndal si storstove - Fosshaugane Campus. Unntaka er dei gongene Fjøra sine heimekampar kolliderer med Sogndal II / Sogndal III sine heimekampar. 

Det er fantastisk for Fjøra å få spelt heimekampane sine på Fosshaugane Campus med slike fasilitetar. Det vert ei heilt anna råme enn det som var tilfelle på Kvåle / Sognahallen.

Me ynskjer å retta ein stor takk til Sogndal Fotball for den storheit dei viser her og ynskjer samstundes å framheva det gode samarbeidet klubben har med Sogndal.

Det vil bli ei heilt spesiell kjendsle for spelarane å springa ut spelartunnellen og inn på Fosshaugane og me gler oss storleg til sesongstart.