[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Kjempenes Liga - statusrapport

Forfatter: Jan Fuglesteg

12. november 2012

Fotball
News article image

Det nærmar seg avspark for årets Kjempenes Liga. Det er fortsatt ledige plassar. Me gir ei lita statusoppdatering.

  
KL-bas Tom Wolff Navarsete har gått igjennom påmeldingane sålangt til Kjempenes Liga og status er:

Dameklassa: 11 lag
Herreklassa: 22 lag

Desse påmeldingane er me sjølvsagt glade for, men me skulle absolutt fått på plass 1 damelag og 2 herrelag. Dersom dette skjer så kjem me til å "fryse" påmeldinga. For at nye lag skal få vera med lyt det melda seg 4 nye lag. Grunnen er somalltid, me lyt ha eit tal lag som kan delast på 4 utan at det står noko anna enn null bak kommaet (me er ute etter eit heiltal etter deling på 4 i dei to klassane).

Me minner om at fristen for påmelding er sett til fredag 16. november - på den internasjonale tolamodsdagen (toleransedagen). Sidan det per tid manglar 1 lag i dameklassa og 2 i herreklassa er det berre å hyva seg rundt. Først til mølla som gjeld, og desse vil vera garanterte spel i årets KL. Sjølve påmeldinga gjer de via turneringa si Facebookside (http://www.facebook.com/#!/events/321936141235752/) der de sender påmeldinga i inboxenb til turneringsbas Tom Wolff Navarsete.