Dale - Fjøra 0-1
Forfatter: Fjøra FK
05. juni 2015
Hjeltnes matchvinnar for Fjøra i Ylvisåker sin kamp nummer 300!
Foto: Stig Høynes / haugenfotball.no (arkiv)
Poenga sat langt inne i dag mot eit Dalelag som kun var ute etter ein ting, nemleg å holda nullen og gå for 0-0. Då går det til slutt som det ofte går, Fjøra fekk til slutt målet sitt og vann fortjent 1-0 sjølv om poenga sat veldig langt inne. Faktisk måtte me venta heile 90 minutt før ein febersjuk Hjeltnes avgjorde kampen etter målgivande frå Sindre Rørvik. Like etter målet brente Rørvik ein gigasjanse då han sette ballen i tverrliggaren på blank kasse. Fjøra hadde også eit mål annulert i første omgang men annuleringa var truleg korrekt av dommar Hagelund.
Fjøra spelte nok ein solid kamp defensivt og det er langt mellom kvar gang motstandaren får notert avslutning mot Fjøramålet no. Offensivt mangla vi litt tempo og presisjon i dag samanlikna med førre kamp mot Sandane men me er godt fornøgd med nok ein trepoengar og at me er tolmodige og står løpet ut. Og ikkje minst er me svært fornøgd med jubelscenene Fjøra viser når målet endeleg kom, det vitnar om god lagmoral og ein gjeng som har det kjekt ilag!
Torbjørn Ylvisåker spelte i dag sin kamp nummer 300 i Fjøradrakta etter han kom frå Sogndal 2 i 2001, så får me sjå om han no er fornøgd med antal kampar eller om han går for rekorden til Jan Rune Årøy på 349.
Neste kamp for Fjøra er fredag 12. juni heime mot Skavøypollen før det er ny heimekamp mot Vik tysdag 16.juni
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 05.06 kl 19:00
Arena: Dingemoen kunstgras
Turnering: Seriekamp
Dommar: Runar Hagelund
Dale – Fjøra 0-1 (0-0)
0-1 90 min Anders Hjeltnes (Sindre Rørvik)
Gult kort: Erik Loftesnes
Fjøra (4-2-3-1):
Andreas Horvei
--------------------
Ole Martin Bolset
Per Eirik Lunde
Torbjørn Ylvisåker
Erik Loftesnes
--------------------
Gøran Wigum ©
Steffen Olsen
--------------------
Sindre Rørvik
Arild Underdal (Erik Fossnes frå 82.)
Victor Aguiar (Knut Ripe frå 75.)
--------------------
Anders Hjeltnes