Fjøra - Austevoll 3-2
Forfatter: Fjøra FK
14. mars 2015
Fullt fortjent seier til Fjøra mot Austevoll
Fjøra var klart best i første omgang mot Austevoll og leda også 2-0 til pause utan at Austevoll hadde hatt eit einaste skot mot Fjøramålet. 1-0 målet kom etter eit godt innlegg fra Hjeltnes, der Victor pressa ein motstandar til å heada ballen rett i krysset utagbart for eigen keeper. 2-0 kom ca fem minuttar før pause og det var Mats Nondal som sette i gang eit mønsterangrep på Fjøra si ventreside. Han spelte gjennom Victor som med eit presist innlegg fann Hjeltnes på blank kasse på bakerste stolpe. Slike sjansar bommar ikkje fjorårets toppscorar på!
Kvartert ut i andre omgang var det Sindre Rørvik som vart spelt fri av Hjeltnes og åleine med keeper sette han ballen kontrollert i lengste hjørnet og 3-0. Første timen var solid av Fjøra og Austevoll skapte knapt noko som helst. Einaste å sette fingeren på er at me var litt for unøyaktige på siste tredjedelen, litt enklare og raskare valg der så kunne me fått fleire mål. På slutten dalte tempoet litt og me slapp Austevoll unødvendig inn att i kampen ved fleire personlege feil og ein del slurv både offansivt og defensivt. Men alt i alt ein fullt fortjent seier 3-2 til Fjøra
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Lørdag 14.03 kl 13:00
Arena: Sognahallen
Turnering: Treningskamp
Dommar: Tor Henning Mardal
Fjøra – Austevoll 3-2 (2-0)
1-0 25 min Sjølvmål (Anders Hjeltnes)
2-0 40 min Anders Hjeltnes (Victor Aguiar)
3-0 67 min Sindre Rørvik (Anders Hjeltnes)
3-1 70 min ukjent
3-2 80 min ukjent
Gult kort: Håvard Lilletvedt
Fjøra (4-3-3):
Espen Staff (Andreas Horvei fra 55.)
--------------------
Erik Loftesnes
Torbjørn Ylvisåker (Elias Saltnes fra 46.)
Per Erik Lunde
Erik Fossnes (Sindre Sanden fra 55.)
--------------------
Håvard Lilletvedt
Knut Ripe (Kees Erstad fra 50.)
Mats Nondal (Steffen Olsen fra 68.)
--------------------
Sindre Rørvik
Anders Hjeltnes
Victor Aguiar