[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Prematch Vik - Fjøra

Forfatter: Fjøra FK

05. august 2014

Fotball
News article image

Haustsesongen vert sparka i gang i dag med full serierunde i den lokale fjerdedivisjonen.

Etter ein lengre sommarpause i den lokale fjerdedivisjonen brakar det laust igjen i kveld og samtlege seks kampar har kampstart kl 19:00. Fjøra reiser utover til Vik i noko me spår vert ein jamn og målfattig kamp slik som heimekampen tidlegare i år der Fjøra vant knepent men fortjent 1-0. Fjøra starta treningane att forrige mandag og sjølv om det har vore litt manko i folk på trening har det vore bra kvalitet og folk er spelesugne etter fem veker kamppause. Torsdagstreninga vart brukt til ei 3*20 minutts speløkt mot Kaupanger, der økta til slutt enda 1-1 etter mål av Kees Erstad og Sindre Rørvik. 

Fjøra har etter vårsesongen lagt seg i ein fin utfordrarposisjon på andreplass der det er seks poeng ned til tredjeplassen og fire poeng opp til Florø 2. Florø 2 kjem til Campus Fosshaugane mandag 11.august så det vert viktig for Fjøra å hanke inn tre poeng mot Vik så ikkje luka aukar før det som då kan bli ein meget spennande fotballkamp.

Det har vore få endringar i Fjørastallen i sommar. Daniel og Olve reiser snart vekk på skule medan Jørgen Christian Lindstrøm er komen inn og Mats Nondal snart er tilbake fra skade. I tillegg er Andreas Horvei på veg inn i stallen som ein ekstra keeper. Horvei er fra Aurland, fyller snart 16 år og har i år vokta buret til guttelaget til Jotun då Aurland ikkje har gutelag. Han startar på vidaregåande skule i Sogndal no og me håpar han vil fortsetta å utvikla seg til ein solid keeper i Fjøra FK. Av studentane er Espen Staff på plass, Sindre og Håvard kjem tilbake 15.august medan Knut Ola kjem tilbake til Florøkampen 11.august. Til den kampen skulle også Steffen Olsen komt, men han var uheldig og skada seg då han køyrte tube bak båt i Bergen og vil ikkje vera speleklar før litt seinare i august.

Laget mot Vik er:

Espen Staff, Mathias Nese, Per E Lunde, Torbjørn Y, Knut Ripe, Olve Øvstetun, Kees Erstad, Karlis Bremers, Anders Hjeltnes, Arild Underdal og Victor Aguiar. På benken sit Brede Haukareid, Vegard Nes, Ole Martin Bolset, Ole Morten Kvam og kanskje Daniel Fylling