Skavøypoll - Fjøra 1-2
Forfatter: Fjøra FK
06. juni 2014
Ny sterk trepoengar til Fjøra
Nok ein jamn toppkamp der Fjøra viste ståpå-vilje og drog heim med tre poeng i bagasjen. Kampen starta med at Pollen sin spiss grisetakla Per Eirik Lunde og korleis han slapp unna kjekset der er det vel framleis mange som lurer på. Heldigvis for Fjøra kom hardhausen Per Eirik Lunde seg på beina att og viste solid stopparspel resten av kampen. Kampen var prega av mykje duellar og det var to lag som verkeleg trøkka til og ville ha med seg alle poenga.
Første omgang enda mållaust, noko som gav eit rimeleg bra bilete av kampen. To minutt ut i den andre slo Lilletvedt ein meget presis corner på bakerste mot Sindre Sanden. Sindre breidsida ballen i mål til stor jubel frå Fjørabenken og sin kjære på tribuna. Dette var også Sindre sitt første Fjøramål og han har dermed teke opp arven frå ein anna Askøyværing Jørn Kvalvik med nettsus frå sin backposisjon.
Etter dette var det ein periode med litt lite struktur i Fjøralaget der me vart springande litt imellom. Men Pollen kom sjeldan lenger enn til Fjøra sin sekstenmeter, og dei gangene Fjøra klarte å roe ned med ball åpna det seg store rom andre vegen. Likevel vart det for upresist til at det vart skapt altfor mykje. Kvarteret før slutt entra Knut Ripe bana og berre minuttet etter stussar Steffen hans lange innkast vidare til Hjeltnes, som headar ballen i lengste. 2-0 og vill jubel hos Fjøraspelarane. Faktisk lenge sidan undertegna har sett slike gledesscener i Fjøralaget og det vitnar om ein engasjert gjeng som står på for kvarandre og verkeleg VIL vinna. Flott å sjå!
Skavøypollen sende no alle mann til pumpene og det vart ein del duellar rundt 16-meteren til Fjøra. Fjøra forsvarte seg godt heilt fram til det 87. minutt, då Fjøra sitt stopparpar begge to gjekk i same duell og ballen enda hos Silden som netta åleine med keeper. Men Fjøra heldt ut siste minutta og tek med seg tre deilige poeng heim til Sogndal.
Mykje same kamp som mot Førde 2 der Fjøra framstår solid og med skikkeleg god laginnsats. To sterke bortesigrar mot to topplag og upåklageleg god stemning i garderoben og i bussen heim.
Ikkje gløym og klikk deg inn på http://www.haugenfotball.no/fakta140606skavoypollfjora.html for Stig Høynes sin (som vanleg) meget fyldige og gode bildereportasje frå kampen. Foto: Stig Høynes - www.haugenfotball.no
Bonus:
3 – Sindre Sanden
2 – Olve Øvstetun
1 – Steffen Olsen
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 06.06 kl 19:00
Arena: Skavøypollen Stadion
Turnering: Seriekamp
Dommar: Inge Seglem
Skavøypollen - Fjøra 1-2 (0-0)
0-1 47 min Sindre Sanden (Håvard Lilletvedt)
0-2 77 min Anders Hjeltnes (Steffen Olsen)
1-2 87 min Chris Andre Nedreberget Silden
Gult kort: Knut Ola Høvik, Håvard Lilletvedt og Karlis Bremers
Fjøra (4-2-3-1):
Espen Staff- Sindre Sanden, Per Eirik Lunde, Torbjørn Ylvisåker, Mathias Bladimir N Nese- Knut Ola Høvik, Kees Erstad (Knut Ripe fra 75.)- Anders Hjeltnes, Olve Øvstetun, Håvard Lilletvedt (Victor Aguiar fra 83.)- Steffen Olsen (Karlis Bremers fra 86.)