Sal av sesongkort
Forfatter: Fjøra FK
16. mars 2017
Fjøra sel no sesongkort for kr 500 og då får du attpåtil ein gratis kaffi kvar kamp. Løp og kjøp!
Me prøver oss i år med sesongkort på kampane og håpar me får god respons på dette. Sesongkorta kostar 500 kr og dei som kjøper sesongkort vil få dette inkludert:
- Fri inngang på 13 seriekampar
- Ein gratis kaffi i kiosken pr kamp
- Fri inngang på eventuelle heimekampar i cupen
Dersom du syns dette var ein god ide og du vil sleppa og hugsa på 50-lappen kvar heimekamp kan du senda ein mail til Arild Underdal - [email protected] eller Malin Kristoffersen - [email protected], eller dei kan kontaktast i melding på facebook. Du kan også ta deg ein tur innom Jan Arild Jakobsen aka Jackson på Sogndal Lær og Skotøyforretning så vil du få sesongkortet der og da (kun kontant betaling).
Betaling 500 kroner for sesongkorta skjer på ein av følgjande måtar:
- Vipps til Fjøra billett/kiosk
- Til konto 3705 14 67834
- Kontant ved kjøp
Pris for enkeltkamp vil framleis vere 50 kr og utvalget i kiosken vil vera noko større enn i 2016. Me håpar flest mogleg vil setja av annankvar laurdag kl 16 og ta turen til Fosshaugane Campus for å følgja Fjøra i 2017!