[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Tornado Måløy 4-0

Forfatter: Fjøra FK

21. august 2015

Fotball
News article image

Fjøra vinn alltid dagen før dei skal på sosialtur til Hylsete og i dag var det Tornado Måløy som fekk unngjelda

Fjøra taper aldri dagen før dei skal på sosialtur til Hylsete, og det gjorde dei heller ikkje i den svært viktige toppkampen mot Tornado Måløy i kveld. Fjøra sette press på Tornadoforsvaret frå start og alt etter fire minutt scora Mathias Flo sitt sjuande mål på tre kampar etter nydeleg forarbeid av Hjeltnes. Dette var forøvrig Hjeltnes sin siste kamp i Fjøradrakta før han no melder overgang til Tertnes og studiar i Bergen. Me takkar Anders for framifrå innsats i tida han har vore i Fjøra og ønsker han lykke til vidare i Tertnes.

Om lag ti minutt seinare sendte Per Eirik avgårde ein Flopasning mot Mathias, som stussa gjennom Steffen Olsen. Steffen gjorde ingen feil åleine med keeper og kampen var i realiteten over etter 12 minutt. Tornado klarte aldri å rista av seg åpningssjokket og sjølv om dei kom meir med i kampen etter kvart var det sjeldan Fjøraforsvaret slapp Kupen og co til dei store sjansane. Kun minuttar før pause hamra Mats Nondal inn eit langskot og Fjøra gjekk til pause med komfortabel 3-0 leiing.

Fokus i pausen var å ikkje gi Tornado muligheten til å komma innatt i kampen og det gjorde heller ikkje Fjøra. Dei kontrollerte kampen i andre omgang og heilt på slutten sette Mathias Flo inn sitt andre for dagen og fastsette sluttresultatet til 4-0. Mathias er dermed toppscorar for Fjøra i år sjølv om han kun har spelt tre kampar. Åtte mål for Fjøra og ni for Sogndal 3 i vår gjer at han også er toppscorar i divisjonen, ein meget sterk prestasjon av Mathias.

Fjøra har no ti poengs luke på Tornado, og med Endre Kupen på lån til Florø bør dermed laget frå Nordfjord få det tøft med å henta innatt dette. Dagens kamp var nok årsbeste av Fjøra der samtlege 17 som var innpå bana i løpet av kampen stod opp for kvarandre og der nokon sprang til dei rett og slett ikkje orka meir og måtte bytast ut. Det er slikt me likar å sjå, og håpar å sjå endå meir av framover. Heilt klart ein sterk lagseier i dag men me vil likevel framheva Per Eirik Lunde i Fjøraforsvaret som tok heilt lurven av Endre Kupen og co samt Mathias Flo som jobba steinhardt i presset på topp og også noterte seg for nye to mål og ein assist.

Neste kamp for Fjøra er mot Høyang på Sletta førskommande torsdag, nok ein vanskeleg kamp der ein må opp på akkurat same nivå som i dag for å reise heim med alle tre poenga. Til slutt vil me takka alle som møtte opp på Campus i kveld, det er lenge sidan det har vore så mange tilskodarar på Fjørakamp og det set me i Fjøra veldig stor pris på. Me håpar spelet gav meirsmak og at me sjåast igjen snart. I morgon skal gutta restituera med ein aldri så liten fjelltur før det vert grilling og skitprat etterpå, vel fortjent.

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Fredag 21.08 kl 19:00

Arena: Campus

Turnering: Seriekamp

Dommar: Thor Kristian Sortevik

Fjøra – Tornado Måløy 4-0 (3-0)

1-0      4 min Mathias Flo (Anders Hjeltnes)

2-0    12 min Steffen Olsen (Mathias Flo)

3-0    41 min Mats Nondal (Gøran Wigum)

4-0    87 min Mathias Flo (Arild Underdal)

Gult kort: Mats Nondal, Håvar Mjelleli

Fjøra (4-3-3):

Håvar Mjelleli

--------------------

Ole Martin Bolset

Per Eirik Lunde (Ole Morten Kvam fra 89.)

Knut Ripe

Eirik Kristoffersen

--------------------

Steffen Olsen (Kristoffer Møvik fra 53.)

Gøran Wigum

Håvard Stedje (Kees Erstad fra 76.)

--------------------

Anders Hjeltnes (Arild Underdal fra 85.)

Mathias Flo

Mats Nondal (Trond Vegard Ripe fra 63. (Elias Saltnes fra 89.))

Tornado Måløy (4-3-3):

Kenneth Elde

---------------------

Eirik Føleide

Eirik Holvik

Fridjon Mortensen

Erik Raknes Fortun

---------------------

Sondre Myre Silde

Gisle Myhre

Sølve Steinar Haugen

---------------------

Chris Andre Nore

Endre Kupen

Thor Åge Evensen