[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Knipent tap mot Årdal FK

Forfatter: Jan Fuglesteg

12. mars 2012

Fotball
News article image

Fjøra tapte knipent 2-1 mot Årdal FK inne i Øvre Årdal tidlegare i kveld. Fjøra presterte ikkje nokon topp kamp mot årdølene. Bra kamp defensivt, men offensivt et det ein del å gå på.

Me har fått følgjande oppsummering frå KJell Erstesvåg etter kampen:

" Fjøra presterte ikkje nokon topp kamp ikveld. Kun i periodar var me på det ynskjelege nivået. Årdal starta kampen best, og trykte oss bakpå, me vart for passive utan ball, og for upresise og utolmodige med ball.

Årdal spelte med stort tempo, og fyrste 20 minutta hadde me problem med å henge med. Etterkvart fekk me meir tak på det, me klarte etterkvart å etablere spel, og skapte fleire gode sjansar siste del av 1. omgang. Då tok me inn ball, og spelte meir tolmodig.

I 2. omgang er Årdal best, og me klarar kun i små periodar å prestere noko offansivt. Det vert for lite samhandling og for mykje individuelle prestasjonar. Me vert og for mykje søkande på tidlgege gjennombrot. Me må verte meir tolmodig med ball mot etablert forsvar. Det er der me no må øve endå meir.

Ved 0-1 mistar me ballen i farleg sone der me er på veg framover, og Årdal køyrer ein presis overgang med god bevegelse som endar med skåring. Fint angrep av Årdal, men me mistar ball for unødvendig, samt at me har for dårleg balanse i laget akkurat der. Årdal si andre skåring kjem etter eit langt utspel frå ÅFK-keeperen, der me igjen vert for lite bestemte og kommuniserar for dårleg bak. Årdal takkar for sjansen og skårar.
Vårt mål vert skåra på frispark av Espen Granlund, eit skot som ÅFK-keeperen slepte under seg.

Totalt sett ein noko varierande kamp. OK deffansivt, men for variable offansivt. Me må ta lærdom av det me gjer i dei gode periodane våre.

Me har no møtt 4 av 3. divisjonslaga frå Sogn & Fjordane, og Årdal framstod som det beste av dei me har møtt. Tydeleg spelemønster og klare rollar pregar ÅFK no. Kjekt og å sjå "ungdomslinja" som har vokse fram der inne. Ekstra kjedeleg då med brotskadane 15-åringen Edin Øy fekk i foten. Me føler med Edin, og vonar me ser han på bana att ikkje lenge.
"



KAMPFAKTA

Årdal FK - Fjøra FK  2-1 (0-0)

Mål:
1-0, Truls Hovland, 57 min
1-1, Espen Granlund, 73 min
2-1, Preben Strypet, 80 min

Domar:
Inge Seglem, Årdal FK

Tilskodarar:
Ca 50 stk

Årdal (4-3-3): Erlend Johansen - Fredrik Prestegård (Edin Øy frå 46. min, Abbas Wahabu frå 50. min), Marcin Bryzky (Per Sandnes frå 55. min), Hristijan Cvetkovski, Eirik Rode - Truls Hovland, Ole Morten Jevnaker, Jonas Hestetun - Brede Stedje Ylvisåker, Robin Moheim (Terje Kvam Øvstetun frå 46. min) og Preben Strypet

Fjøra (4-2-3-1): Håvard Bøyum - Ola Egge Ødegaard (Jørn Kvalvik frå 46. min), Vegard Fardal Nes, Torbjørn Ylvisåker (Magnus Hunemo frå 70. min), Sebastian T. Eriksen - Ole Morten Kvam, Jens-Ivar Nilsen - Ørjan Hjellhaug, Espen Granlund, Roger Hjellhaug - Magnus Hunemo (Johan Vorgaard frå 46. min, Ola Egge Ødegaard frå 85. min)