Børs Fjøra - SIL 3 3-0
Forfatter: Fjøra FK
10. august 2013
.
Børs Fjøra FK- Sogndal 3 (3-0), 09.08.2013
Sleten børs fra Campus og lokaloppgjeret mot Sogndal 3.
XI:
Håvard Bøyum – 6
Voldsomt lite å gjere for Bøyumsguten i dag. Tørr og sette i gang bakfra sjølv om det ikkje alltid vart like vellykka i dag.
«Fnes» – 5
Såg mest ut som om nokon hadde helt diesel på ein bensinmotor i dag. Svimmel og ør, lei seg i nesten halve 1. omgangen. Solid før dette.
Torbjørn Ylvisåker – 6
Litt passiv i 1. omgang, men retta seg sjølv finfint i 2. omgang og då har SIL3 så og sei ikkje ein sjanse. Kan fortsatt tørra litt meir med ball.
«Tjukke-Marius» Solberg –6/7
Eit par viktige inngrep i 1. omgang. Kan som stopparmakkeren også ta litt meir ansvar med ball. Fekk gått på mange fine slankeløp heimover ilag med spissane til SIL3.
Roger Hjellhaug – 5/6
Startar veldig overbevisande og held ballen på bakken, men blir litt meir usikker etterkvart i 1. omgang. Litt mykje tut og køyr til tider, men startar angrepet på det viktige 1-0 målet.
Daniel Fylling – 6
Ikkje heilt venn med ballen i 1 omgang og uvanleg mange feil. Spelte seg stort opp i 2. omgang då han tok tak i duellspelet og vant mykje på midten.
P.E.L – 5/6
Uheldig som må spele på midten ilag med eit kjøleskap som Fylling, men løyser oppgavene sine greit. Ein del bedre med ball enn mot Dale, men kan godt involvere seg litt meir.
Johan Salveson – 6
Mykje prøving i 1.omgang. Da lika mi! Kjem til mange innlegg, spesielt på venstresida. Ein av dei som tek inn og brukar ballen, sjølv om ein ikkje lukkast med absolutt alt.
Kenneth Nondal – 5
Virka ikkje heilt islaget i dag Kenneth og hadde lagt igjen bussjåfør uniformen heima. Var ingen backa som fekk vera med på tur lenger enn eit par meter. Har sett skarp ut på trening så me skriv dette på ein dårleg dag på jobben! Skal dog ha skryt for løpet frå eigen 16 meter som gav 3-0, slikt lika me å sjå.
Anders Hjeltnes – 7/8
Ikkje heilt venn med ballen dei første 60, men så fant Anders ut at nok fekk vere nok. 1 mål og 2 assist dei siste 10. Klasse! Står no med 6 målpoeng på 3 kampar for Fjøra, 3 mål og like mange assist.
Jan Tore Slinde – 5
Er berre nokre centimeter fra sitt andre Fjøramål litt uti 2. omgang, men ballen ville tydlegvis ikkje inn. Mykje bra dei gongane han er involvert, men slit litt i den defensive jobbinga. Fekk også lite ballar å jobba med.
Innbyttarar:
Eilert Brox Holme (45. min) – 6
Inn for ein svimmel Fnes i pausen og gjorde seg slettes ikkje vekk. Braut fint fleire gongar og kombinerte bra med vingen sin. Flink Eilert i dag, sjølv om han sleit med å skifta til drakt og shorts.
Stian Solberg (73. min.) – 5/6
Supersub! Skårar det viktige 1-0 målet, sjølv om plasseringen var litt vel tvilsom! Kunne skåra eitt til etter eit fint soloraid inni SIL3’s 16-meter.
Øystein Wilkensen (81. min.) – 5
Stilte sporty opp uten nakke, då Per’en måtte gi seg. Var faktisk bra involvert i samspelet til 2-0 målet. Håpa nakken bli bedre snart!
Pauseunderhaldning:
Diverre ikkje meldt om noko pauseshow i dag. Om noken såg noko får dei skrika ut i kommentarfeltet.