[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjørakontrakt eller sponsorbevis som det også vert kalla er ei godt innarbeidd og viktig inntektskjelde for Fjøra FK. Ideen til denne inntektskjelda var det Jenny Andersen som kom opp med på ein årsfest i Fjøra grytidleg på 1990-talet. Ho oppdaga denne formen for sponsing frå eit lokalt lag på austlandet og lufta dette for Fjøra. Sjølv om det var ein viss skepsis til ideen, så vart det bestemt at klubben skulle prøva å setja den ut i live sesongen 1993. Det vart ein stor suksess. Bygdafolket (og andre) har frå dag ein støtta opp om tiltaket.

Det vert selt maksimalt 420 kontraktar per år og prisen for ein kontrakt er 1 krone per rentedag, det vil seie at det kostar 360 kroner for 1 kontrakt. Det vert trekt ut ein vinnar for kvar månad og den heldige vinn eit gåvekort pålydande 4.000 kroner frå Intersport Sogndal. Normalt sett skjer trekninga på Fjøra sine heimekampar og det vert trekt ut 3 vinnarar i slengen.

Våre Sponsorer
  • Sponsor logo #1
  • Sponsor logo #2
  • Sponsor logo #3
  • Sponsor logo #4
  • Sponsor logo #5
  • Sponsor logo #6
  • Sponsor logo #7
  • Sponsor logo #8
  • Sponsor logo #9
  • Sponsor logo #10
  • Sponsor logo #11
  • Sponsor logo #12
  • Sponsor logo #13
  • Sponsor logo #14
  • Sponsor logo #15
  • Sponsor logo #16
  • Sponsor logo #17
  • Sponsor logo #18
  • Sponsor logo #19
  • Sponsor logo #20